Stord24 byrjar å bli eit modent mediehus, etter snart sju år i drift.

Når me ser tilbake på vår eiga avishistorie vil 2023 bli ståande som eit merkeår.

Dette var året då me endeleg kunne ta farvel med ein enkel og upraktisk publiseringsplattform utviklinga for blogging, og ta i bruk profesjonelle og moderne verktøy for digital avisproduksjon.

Dette er ei omlegging me har venta lenge på, og har verkeleg blitt eit «før» og «etter» både for redaksjonen og for lesarane og abonnentane våre.

Dei nye verktøya gir oss i redaksjonen ein enklare og meir effektiv arbeidskvardag, og gir lesarane ein mykje betre brukaroppleving. Minst like viktig får me no mykje verdifull innsikt i vanane til lesarane våre, noko som gjer oss rusta til å utvikla produktet vårt endå meir.

I 2023 publiserte Stord24 1640 artiklar - i snitt fire artiklar kvar dag. Den daglege produksjonen vår varierte ein god del, basert på endringar i talet på journalistar. 2023 var nemleg året då me endeleg blei fulltallige igjen, etter lengre tid med permisjonar og rekrutteringsvanskar.

Sidan i fjor sommar har me vore 3,5 årsverk i redaksjonen, i tillegg til veldig god innsats frå frilansskribentar.

Fakta om Stord24:

  • Opplag på rundt 1150 i årets første halvår (tal frå 2. halvår er ikkje klart)

  • Utgjevarstad: Leirvik på Stord

  • Redaksjonelle årsverk: 3,5

  • Tal leiarartiklar: Ca. 5

  • Tal lesarinnlegg på nett: 87

  • Ansvarleg redaktør: Jonas Sætre

Mål og prioriteringar

Stord24 har eit klart mål om å vera ein veletablert nummer 2-avis på Stord. Å vera i ein utfordrarposisjon gir oss mange moglegheiter, men det gjer at me også må gjera tøffe prioriteringar.

Me har ambisjonar om å vera relevante for lesarane våre, og prioritera journalistikk som lesarane ikkje får andre stadar. Framover har me eit ambisiøst mål om sterk verkst i både opplag og lesartal.

Stord24 har eit mål om å auka til over 1500 abonnentar ved utgangen av 2024, og å auka den daglege produksjonen samanlikna med fjoråret.

Avisa si samfunnsrolle

Som nummer 2-avis har Stord24 eit potensiale i å nå ut til lesarane med røyster som vanlegvis ikkje kjem til orde. Me kan styrke det offentlege ordskiftet på Stord og omegn ved å setja lys på nye problemstillingar.

Slik kan me sikra eit større mangfald i lokalmiljøet.

Stord24 skal vera lim og lupe, å vera ein sunn lokalpatriotisk aktør som heiar fram lokalt initiativ, men også driva kritisk journalistikk mot offentlege og private aktørar.

Journalistfaglig utvikling

Stord24 er oppteken av kontinuerleg kompetanseheving, både individuelt for den enkelte journalist, og for redaksjonen i felleskap.

I 2023 deltok ein av våre journalistar i IJ sitt start-kurs. To journalistar deltok på kurs om politisk journalistikk i Bergen i forkant av kommunestyrevalet.

Som utfordraravis er det svært viktig å forstå kva som engasjerer i nærområdet vårt. Me brukar god tid på å analysera lesartal og brukarvanar, og har evaluering som viktig del av redaksjonsmøta våre.

Etikk

Stord24 vart innklaga i PFU éin gong i 2023, av tidlegare kommunedirektør Gjermund Hagesæther i Fitjar kommune. Stord24 vart klaga inn på tre punkt i Vær varsom-plakaten, og blei felt på eitt av desse.

Dette er første gong Stord24 blir felt i PFU.

Mest leste saker

I 2023 hadde me ei sak som gjekk viralt på nettet, og enda opp som den 7. mest delte saka i heile Noreg i 2023. Dette var eit intervju med ei kvinne frå Stord som meinte pride-feiringa hadde gått for langt. Saka vart delt heile 43.000 gonger.

Stord24 hadde ellers overgang til nye system august/september 2023, og har difor ikkje ei fullgod oversikt over dei mest leste sakene i fjor. Men dette er dei mest leste frå siste halvdel av året:

Dei viktigaste sakene

I 2023 har Stord24 og søsteravisa Fitjarposten følgt tett ein konfliktfull arbeidslivssak kring kommunedirektør Gjermund Hagesæter, som enda med at Hagesæter slutta i stillinga. Me har hatt ei omfattande dekning av sakskomplekset, som me har brukt mykje ressursar på. Sakene våre har blitt referert til fleire gonger av BT og NRK.

Fjoråret har også vore prega av valkamp og kommunestyreval. Med ordførarbyte i begge dekningskommunane våre (Stord og Fitjar), har dette blitt ein travel jobb for redaksjonen.

I oktober i fjor kunne Stord24 avsløra at ein av dei rikaste innbyggjarane på Stord-øya, Svein Sandvik, hadde flytta til Sveits. Saka vår blei referert til av fleire næringslivsaviser.

Ei anna sak som har engasjert langt utanfor dekningsområdet vårt er saka vår om svært sjeldne og sensasjonelle arkeologiske funn frå vikingtida, funne på Fitjar.

Stord24 avslørte i fjor at Stord kommune la ut svært sensitive personopplysningar til ein innbyggjar på internett. Saka førte til politiske reaksjonar og blei tatt opp i kontrollutvalet i kommunen. Seinare på året kunne me igjen avsløra ein liknande tabbe.