Av: Tilsette ved sengeposten «Medisin 3» ved Stord sjukehus

Som fleire av dykk kanskje har lese har Helse Fonna fått midlar til å auke sengeplassar på Stord sjukehus, øyremerka spesialisert rehabilitering. Dette er i utgangspunktet svært positivt for denne pasientgruppa, utfordringa er å finne sengeplassar og eigna treningsrom utan at det går ut over andre akutte pasientgrupper.

Eit av forslaga som kjem fram er å leggja ned ein medisinsk sengepost, Medisin 3.

Dette er ein slagenhet som behandlar akutte hjerneslag og hjerneblødning, i tillegg til andre indremedisinske diagnosar som eksempelvis kreft og infeksjonar.

Ansatte på Medisin 3 ynskjer å uttrykke vår bekymring på vegne av alle som bur i Sunnhordland og som er tilknytta Stord Sjukehus.

Me står i eit helsevesen som er svært pressa og ei eldrebølge som er aukande, og så diskuterer ein å leggja ned ein medisinsk sengepost? Kva skjer med akuttberedskapen til Stord Sjukehus då?

Ved akutt behandling av hjerneslag er tid avgjerande for utfallet. Ved eventuell nedlegging av Medisin 3 må pasientar med mistanke om hjerneslag overflyttast til Haugesund sjukehus, og unødig og livsviktig tid går tapt. Helsedirektoratet skriv: “Helsetjenesten skal tilby forsvarlige helsetjenester til pasienter som rammes av hjerneslag. Det trengs en rask identifisering av symptomer som kan indikere hjerneslag, og rask reaksjon når helsetjenesten blir varslet slik at innleggelse i sykehus kan finne sted uten unødig tidstap. I sykehuset er det nødvendig med effektive rutiner for diagnostikk, utredning, akuttbehandling og tidlig innsettende rehabilitering. Det er meget godt dokumentert at denne sykehusbehandlingen bør organiseres i egne sengeenheter/slagenheter”.

Me er pliktige til å følgja retningslinjene og me er pliktige til å fortløpande rapportere til Norsk Hjerneslagregister. Stord Sjukehus scorer høgt på landsbasis når det gjeld pasientforløp, dette inkluderer tverrfagleg pasientbehandling der fleire profesjonar er involvert.

Me har dyktige og engasjerte legar, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og terapeutar. Me har bygd denne tverrfaglege kompetansen over mange år og me er stolte av avdelinga vår. Me har sjukepleiarar, spesialfysioterapeutar og spesialergoterapeutar som har tatt og tek vidareutdanning og kurs for kompetanseheving. Spesialisering som kjem notidas og framtidas pasientar i Sunnhordland til gode.

Den andre medisinske sengeposten på Stord Sjukehus, Medisin 4, er ein allereie svært pressa avdeling og har ofte mange korridorpasientar. Dersom ein kutter ned ein medisinsk avdeling, vil presset bli enda større på den gjenverande avdelinga. Me fryktar at dette vil gå utover pasientsikkerheten.

Me fryktar også at dette vil resultera i sjukemeldingar og oppsigelsar blant fleire av arbeidsgruppene på sjukehuset. Kva står ein igjen med om sterke fagpersonar, på tvers av profesjonar, forsvinn frå sjukehuset vårt?

Våre spørsmål til leiinga i Helse Fonna er:

- Tenkjer dykk på pasienten sitt beste? Eller er det økonomien som styrer?

- Kva vil skje med ansatte på og ved Medisin 3? Korleis vil dykk bruke spesialkompetansen me har til akutte slagpasientar, dersom Stord Sjukehus ikkje lenger skal ta i mot slagpasientar?

- Det er ein kjend sak at Bømlafjordtunnelen og/eller bruar jamnt vert stengt av ulike årsaker. Me stillar spørsmål til om dette er risikovurdert med tanke på pasientsikkerheten?

- Helsedirektoratet har utarbeida retningslinjer for helseforetaka. Har leiinga og administrasjonen i Helse Fonna mandat til å overstyre dette?