– Det å få jobba for Baroniet Rosendal er freistande. Eg har òg hatt ein følelse av at tida var inne for å prøva noko anna, seier Linda Øen til Kvinnheringen.

Det var i sommaren 2018 at Øen blei tilsett som ny direktør ved Sunnhordland museum.

46-åringen, som kjem frå Rosendal, har pendla over fjorden desse åra. Men no har ho takka ja til ny jobb i heimbygda, nærmare bestemt som økonomiansvarleg for Baroniet Rosendal.

– Eg har hatt utruleg kjekke og dyktige kollegaar, som tok veldig godt i mot meg då eg kom inn som ny i bransjen. At eg ikkje skal tilbringa kvardagane mine med dei meir, er baksida av medaljen. Men eg reknar med at eg får kjekke kollegaar ved baroniet òg, seier Øen til Kvinnheringen.

Ho startar i den nye jobben i august.

Før Øen blei museumsdirektør jobba ho som konstituert kultursjef i Kvinnherad kommune. Ho er utdanna kulturarbeidar ved Høgskulen i Telemark.

Sunnhordland museum har også ledig stilling som bygningsvernkonsulent. Her kan du lesa kven som søkte på den stillinga.