I midten av januar kunne me skriva om ekteparet Elisabeth Aadland Liodden og Svenn Kåre Liodden som ville selja gjenbruksbutikken sin.

Etter å ha drive butikken sidan desember 2021 fann dei ut at det var på tide å gje butikken vidare.

– Eg og min mann har kome fram til at butikken fortener ein eigar som er meir enn det me har tid til, fortalde Elisabeth.

Sunnhordland kunne i går kveld bekrefta Det Gule Hus, til arbeidstreningsverksemda Opero AS.

Ikkje nok med at butikken får nye eigarar, den skal ogso flyttast til Heiane. Nyopning vert 3.mai.

Butikken skal ligga her, tvers over for Loppeliten, og dei to gjenbruksbutikkane vert dermed naboar. Foto: Ingrid Hovstad

Den nye lokalet vil vera betrakteleg større enn dagens i Sæ.

I fjor skreiv Stord24 om korleis ekteparet Liodden var på utkikk etter større lokale, men at dei ikkje ynskja å flytta til Heiane.