– Melding om brann i kjøretøy, Sætravikvegen, mannskap i frå Lervik rykker ut, skreiv 110 Sør-Vest på x, men hendinga var heldigvis mindre dramatisk enn først antatt.

Vår reportar på staden melder om mykje røyk, men ikkje direkte flammer.

Røyken såg ut til å kome frå undersida ved det eine framhjulet.

- Då bilen stoppa gav røyken seg ganske raskt. Eg såg ikkje opne flammar, sa eit vitne på staden.

Fleire stoppa for å hjelpe føraren, som hadde med seg ein baby.

– Me fekk først melding om brann, og deretter om røykutvikling i bil. Då me kom fram var det verken brann eller røyk. Truleg er det eitt eller anna med dieselvarmaren i bilen som treng ein sjekk, opplyser Cato Klubben i Stord brann og redning til Sunnhordland.