– Driftstilskotet som kyrkja er avhengige av strekker dessverre ikkje til dei vanlege driftsutgiftene, og kyrkja har ikkje lenger økonomiske reservar til å tære på, seier Gerd Ingunn Opdal, leier i Etne kyrkjelege fellesråd til NRK.

Statskanalen skriv nemleg at kyrkja i Etne vurderer å ta betalt for gravferder.

Forslaget er ta 1000 kroner i straumavgift for dei tre eldste kyrkjene i kommunen. Om forslaget blir vedteke skal bli avgjort i helga.

Direktør Ingrid Vad Nilsen i Kyrkjerådet seier til NRK at økonomien er dårleg for mange kyrkjer i landet.

–I verste fall betyr dårleg økonomi at det er vanskeleg å halde oppe ei landsdekkande folkekyrkje, både når det kjem til prestetenester og å halde kyrkjene opne.

Då kyrkjeøkonomien på Stord var i ein prekær situasjon på nyåret, valde kyrkjerådet å stengja Stord kyrkje som eit hastetiltak. Brukarbetaling ved gravferder var aldri eit tema som då var oppe til diskusjon.