Av: Maritha Berger Nylund, Høgskulelektor ved barnehagelærarutdanninga på HVL Stord

Tenk å kome på jobb, og bli møtt med verdas beste klem.

Tenk å komme på jobb, og få moglegheit til å dyrke eigne interesser.

Tenk å kome på jobb, og vite at du kvar dag utgjer ein skilnad i nokon sitt liv.

I 50 år har det blitt utdanna barnehagelærarar på Stord, og i løpet av desse åra har det gått ut fleire tusen nyutdanna førskule- og barnehagelærarar frå høgskulen.

Det har gitt Stord og resten av regionen god tilgang på barnehagelærarar i ei tid der det har føregått ei storstilt utbygging av barnehagetilbodet, og der krava til kompetanse hos barnehagepersonalet har auka.

Dei har gjort ein skilnad, for regionen, for lokalsamfunnet og for det enkelte barn. Dei har forma framtida.

Den kjekkaste jobben

Det vert ofte sagt at barnehagelærar er ein av dei viktigaste jobbane me har.

Det som ikkje vert sagt like ofte, er at det og er ein av dei kjekkaste jobbane ein kan ha.

Eg er barnehagelærar og valte å bli det fordi eg ønska å spele ei rolle for barna sin kvardag, men også ha ein kvardag som gav meg meining.

Det å få vere med barn i deira kvardag, lytte til deira innspel og følgje dei på deira nysgjerrigheit og utforskartrong, har stor verdi.

Det å få vere med å skape ein barnehagekvardag på barn sine premissar, men også ein kvardag på mine premissar, er veldig fint.

Ei viktig leiarrolle

Å velje å utdanne seg til barnehagelærar er ikkje like populært no som då eg valte utdanninga, og det er ei stadig dalande interesse. Det kan nok vere mange grunnar til dette.

Som barnehagelærar går du ein hektisk og pulserande kvardag i møte. På mange måtar vil ein kjenne at ein heile tida er på jakt etter nye mål og at ein alltid kan bli litt betre.

Eg skjønar og at bemanningssituasjonen er svært utfordrande, og at det ikkje finst ein kvikk fiks på korleis ein skal få kvardagen til å bli betre.

Samstundes er det mange val ein kan ta i kraft av å være barnehagelærar. Å være barnehagelærar er ei leiarrolle. Ein kan velje å gå litt vekk frå det strukturerte, styrte og organiserte, og gripe kvardagen og alle dei augeblikka som oppstår.

Å vere i augeblikket

Som barnehagelærar er eg opptatt av dei små augeblikka med barn, om det er å sitje på berget å telje bølgjer, eller ligge i graset å sjå på skyene.

Ein kan våge å la leiken utarte seg til langt over samlingstid, eller la måltidet starte litt på overtid, fordi ein berre måtte følgje med på ekornet, der det hoppa frå tre til tre så smidig og lett. Å la barna få vere med på å skape sin eigen kvardag, som dei kompetente menneska dei er, vil vere godt for både dei sjølve og oss vaksne.

Dei mest fornøgde studentane

Eg er barnehagelærar, men også lærar på barnehagelærarutdanninga på Stord. For andre året på rad har me dei mest fornøgde barnehagelærarstudentane i heile landet. På ein mindre studiestad som Stord, kjem ein tett på studentane, noko eg trur både studentane og me lærarar set pris på.

Det er kjekt å få innblikk i studentane sine interesser og å følgja deira utvikling og veg mot å bli barnehagelærar. I barnehagen står dei vaksne si rolle sentralt. Vårt engasjement og våre interesser smittar.

No har me ein student som har si store interesse i å vere i stallen med hesten etter skuletid. I kraft av si rolle som kommande barnehagelærar, ser ho moglegheiter for å bruke hesten og si interesse i møte med barna. I praksis har ho har fleire gongar tatt barna med til stallen, for å stelle, mate og ri på hesten.

Ein skilnad i nokon sitt liv

Skulle eg valt utdanning igjen, hadde eg valt det same som for 25 år sidan.

Det er ei utdanninga som er spennande, kreativ og leikande, som gir ei bachelorgrad og eit solid fundament for vidare yrkesliv.

Utdanninga gir deg viktig og etterspurt kompetanse innanfor pedagogikk og leiing. Du kan jobbe som barnehagelærar, men og som pedagogisk leiar og styrar i barnehage.

Samstundes er det få jobbar der du blir møtt med verdas beste klem, der du får moglegheit til å dyrke eigne interesser og der du kvar dag utgjer ein skilnad i nokon sitt liv.