Av: Runar Bjørkvik Mæland

Så blei eg aldri rockestjerne eller proffmusikar.

Likevel er eg evig takksam for åra mine på musikklinja; for alle timane på bandrom og øvingsrom som lærte meg så utruleg mykje om å stå på ein scene, om å samarbeida med andre, om å uttrykka seg, formidla og stola på seg sjølv, og som forma meg på tusen små og store måtar eg ikkje ein gong har oversikt over.

Eg håpar ungdomar i Sunnhordland framleis får moglegheita til å oppleva det same, etter at fylkesdirektøren no har føreslått å leggja ned musikklinja på Stord.

I ei tid då digitale medium splittar oss og kunstig intelligens trugar med å overta fleire og fleire oppgåver burde dei praktiske og estetiske faga - som lærer oss å sansa, skapa og samla - styrkast, ikkje svekkjast.

Innlegget vart først publisert på Facebook og vert attgjeve ved avtale.