Av: Adrian Salberg, nestleiar i Sunnhordland FpU

På vegen som bind saman Bømlo og Stord må du betala unødvendige bompengeavgifter, og no er på tide å seie farvel til bomstasjonen som har vore ein tyngde for folk.

Det er på tide å gjere vegen enklare for både folk og næringsliv.

Bomstasjonen set ein brems på økonomien og skapar unødig trøbbel for dei som reiser dagleg. Me i Framstegspartiets Ungdom meiner at det er på tide å letta byrda for dei som pendlar til og frå Stord og Bømlo og ein bomfri veg vil ikkje berre gjere kvardagen enklare, men òg stimulera vekst og samhald.

Det er ikkje rettferdig at folk må betala unødvendige avgifter når det ikkje er nødvendig å ha ein bomstasjon her.

Man kan heller forvalta allereie betalte skattepengar på ein anna måte for å vedlikehalda vegane, og denne bomstasjonen er ikkje berre ein byrde for lommeboka til vanlege folk, men òg ei hindring for fri ferdsel.

Det er på høg tid å seie farvel til denne ekstra kostnaden og gje folka ein velfortent pause. Med ein bomfri veg legg me til rette for ein enklare kvardag, og det er noko som nyttar alle som brukar vegen.