Av: 30 ordførarar og gruppeleiarar i Sunnhordland og Haugalandet

Prioritering og realisering av Hordfast som den viktigaste del av E39-korridoren Stavanger/Sandnes til Bergen, er ein avgjerande føresetnad for å knyta saman Vestlandet, til ein attraktiv og effektiv bu- og arbeidsregion for meir enn 1 million innbyggjarar.

Vestlandet står ovanfor store demografiske utfordringar i tida som kjem, med rekordlåg arbeidsløyse og ein aldrande befolkning.

Haugalandrådet og Sunnhordlandsrådet, som til saman består av 16 kommunar, vil understreka viktigheita av at Noreg står saman om å byggje ein saumlaus storregion, frå Bergen via Sunnhordland/Haugalandet til Stavanger/Sandnes.

Analysar peikar på det uforløyste potensiale som ligg i at denne storregionen byggjer seg tettare saman.

Vestlandet er truleg den einaste regionen i Noreg, som kan utviklast til ei reell motvekt til sentralisering av makt og ressursar i Osloregionen. I det arbeidet vil Hordfast spela ei heilt avgjerande rolle!

Nasjonen må kunne tilby framtidige generasjonar levedyktige samfunn for at dei skal velgje å bli verande og dermed dekke nasjonens behov for kompetanse langs kysten! Med eit ferjefritt E39, kan til dømes kommunane i større grad optimalisera sine tenester, i ei krevjande framtid med fleire eldre og færre folk til å utføre oppgåvene.

Det vil og ha stor betydning for vidareutviklinga av privat næringsliv og sikre at vestlandet fortset å vere den viktige verdiskapingsregionen ein er for Noreg.

Kompetansemiljøa trivest i kvarandre sitt selskap. Med Rogfast og Hordfast får ein kort veg til/mellom disse, samt til produksjonsstad. For at Noreg skal kunne hauste effekten av at Rogfast står klar i 2033, er det svært viktig at Hordfast blir prioritert i kommande NTP.

Utan Hordfast vil ikkje Noreg lukkast med å utvikle landets viktigaste eksport- og verdiskapingsregion: Vestlandet!