Av: Ragnfrid Sønstebø, Varaordførar i Bømlo (H)

Det er nesten så ein ikkje får seg til tru nyheita ein vakna til i går på framsida av Bergens Tidende.

Regjeringa sett på spel det mest samfunnsøkonomiske vegsambandet i Norge, Hordfast, og det med velsignelse frå forrige Ap-styrte byråd i Bergen som ikkje evna å sjå lengre enn sin eigen nasetipp, utan tanke for å bygge Vestlandet saman. Samferdslepolitikk handlar om å sjå dei lange og store linjene, og å stå saman om prioriteringar over lang tid.

Då Bergen plutseleg snudde i førre runde med innspel til NTP og tok vekk Hordfast som ei viktig prioritering, vart draumen om ein samanhengande kyst og Vestlandet sett i spel. Det er ikkje slik vi driv samferdslepolitikk. I staden for har ueinigheita til oss Vestlendingar om kva vegar og vegprosjekt som skal prioriterast gjort jobben veldig enkel for regjeringa, heilt tragisk spør du meg.

Det er Bergen som her vert den store taparen, Sunnhordland som region kjem no i større grad vende kursen sørover mot Rogaland, rett og slett fordi kommunikasjonen er betre og der skjønnar dei viktigheitene av verdiskaping, av industribygging og av samfunnsutvikling.

Heldigvis har vi no kome i posisjon i Bergen, og vi er glade for at Meyer-byrådet har teke eit aktivt standpunkt for Hordfast og felles vekst for heile regionen.

I inneverande NTP(vedtatt av forrige regjering) er det satt av ein milliard i 2026 og 2027 til oppstart av Hordfast, og no skulle Hordfast sluttfinansierast i neste periode.

Hordfast er eit ferjeavløysingsprosjekt og eit bompengefinansiert prosjekt, som betyr minimale kostnader for staten, eg stiller spørsmålet her om styresmaktene våre her forstår omgrepet ferjeavløysing? No dreg regjeringa utav hatten andre vegprosjekt som var prioritert lågare enn ferjefri stamveg mellom Bergen og Stavanger. Dette handlar om å frakte varer, menneske og tenester saumlaust langs heile Vestlandskysten.

Rogaland og Vestland fylke står for 33% av Norges fastlandseksport, den har regjeringa vedteke skal doblast fram mot 2050. Tek ein med Møre og Romsdal i tillegg som eit viktig eksportfylke på Vestlandet, er prosenten endå høgare. Det er langs kysten verdiskapinga vår skjer.

Regionen mellom Nord Jæren-Haugalandet-Sunnhordland-Bergenshalvøya har 1 million innbyggjarar og 500.000 arbeidsplassar, og har hav-fjord-fjell-vind og vatn-biomasse og flust av grøn energi. I tillegg er det her våre fremste eksportnæringar ligg.

Me treng eit sterkt Vestland som eit viktig tyngdepunkt mot Austlandet, me lekker arbeidskraft og kompetanse til sentrale strok på Austlandet kvar dag. Skal me bli meir konkurransedyktige må næringslivet få varer og tenester fram, og skal me behalde arbeidskraften og tiltrekke oss ny arbeidskraft i vår region så er mobilitet eit nøkkelord.

Skal Norge klare sine klimamål så må Vestlandet vera ein del av løysinga, og skal Vestlandet lukkast så må me ha Rogfast og Hordfast. I Rogaland er snart alle prosjekta ferdigstilt, og me sit her med svarteper i Vestland.

Det må særleg Arbeidarpartiet og venstresida i Bergen ta skulda for.