Av: Merete Langeland, pedagogisk leiar i Olderdalen FUS kulturbarnehage

Me er snart til vegs ende ein heilt vanleg dag, og som vanleg så går da slag i slag.

Alle må ut til klokko er to, for me må samarbeida med alle avdelingar no.

Pål skal ha bleia og Per medisin, resten av ungane slåst og grin.

Assistenten har pause, vikaren er sjuk, magen min romla, da er kaos på vårt bruk.

_________________________

Pål skal smørjast før han går ut, Per skal vaskast, men berre med klut.

Pål hadde bæsj ved henting i går og Per hadde snått så naso blei sår.

Vikaren som kledde, tok Pål for Per, så då blir da klage når sånne ting skjer.

Askeladden si mor er taus, krev ho aldri noko eller er ho berre raus?

_________________________

Votten til Per har me mista på tur så no er faren hans ganske sur.

Pål si mor ba om møte igjen, for andre ungar har vore slem.

Pål slår Per og Per slår igjen, men i følge mor vil han berre gje klem.

Ho seier dei ikkje får leika i lag, dei to må skiljast kvar einaste dag.

_________________________

Askeladden er ikkje i form, me ringte heim, men ingen kom.

Mor var på jobbreis og far var i møte, me fekk opptattsignal kvar gong me prøvte.

Per er trøtt for han er slutta å kvila, no er han sliten og heilt fortvila.

Tidligvaktene går heim for dagen, og Askeladden grin for han har så vondt i magen…

_________________________

Matboksen er full, har han ete nok? Foreldrerådet vil jo ha barnehagekokk.

Eg og vil da, men eg treng hender med barna, men da kan jo ikkje foreldrene ana…

Då Pål blei henta med bæsj i går, var eg ute åleine med avdelinga vår.

Eg beklaga sjølvsagt dette, men fortalt at eg var åleine hadde vel vore det rette...

_________________________

I morgon skal pedagogisk rapport leverast, og BTI referat må også noterast.

Eg burde førebudd neste prosjekt, men dokumentasjonen har tidsfrist og må vera rett.

Eg må ringa ei mor som trenge ein prat, skriva dagen i dag og så kan eg kanskje eta min mat…

Vikar må ordnast fortast mulig, men Adecco har ingen så da er heilt umulig.

_________________________

Pedagogisk plattform skal vera på plass, TIK, leik og læring og ikkje minst Class.

«Barnet først» er vårt slagord i FUS, men utan bemanning så går da i knus.

Lover, forskrifter, rammer og krav, frå stat, kommune og kjede kvar dag.

Alt skal fylgjast til punkt og prikke, men auka bemanning da får me ikkje!

_________________________

Kjærleik og omsorg barna skal få, trygge vaksne som ser dei små.

Om kven som helst denne jobben kan ha, vil kvaliteten på arbeidet då bli bra?

Er da løye me blir sliten og lei når ingen høyre på da me har å sei?

Eg føler meg skvist mellom barken og veden, og snart har eg mista arbeidsgleden.

_________________________

Eg kan ikkje forventa at kunden skal sjå, det som kunden slett ikkje kan forstå?!

Så kven er det då me beskyttar kvar dag? Omdømme til kjeden eller vårt «barnehage lag»?

Er me redd for dårleg omdømmeskår, slik at me ikkje vår bonus får?

Pengar det finst det, i bøtter og spann, men dei blir ikkje brukt på vesle Olemann…

_________________________

Me får beskjed om å slutta å klaga og syta og heller av barnehageyrket skryta,

men da er ikkje yrke me snakka ned, da er på vegne av barna me gjer beskjed!

Korleis skal dei ein betre kvardag få om ingen vågar å sei i frå? Det er heller ikkje løna

som gjer at me blir, men alt det gode som ungane gir.

_________________________

Kvart einaste barn er ein dyrebar skatt, men heila systemet da gir meg fnatt.

Tidlig innsats ein floskel blir og til sjuande og sist er da barna som lir.

Me er her for barna kvar einaste dag, og ber alle no om å spela på lag.

Det er desse små som skal veksa opp, og ein gong ta vare på din gamle kropp…

_________________________

Så kjære kunde, eg forstår deg så godt, men eg skal møta alle og då blir da for smått.

Eg har ikkje fleire hender enn to og i løpet av ein dag får eg knapt gått på do.

Me open og ærleg med deg som kunde må bli, og ei avklaring på førehand me burde gi!

Dåke er den politiske muskelkraften, som må engasjera dåke i barnehagedebatten!

_________________________

Så fortsett og krev du kjære kunde, men krev også til dei som har pengar og mynde!

Barna treng meir enn me klarar å gje, så no må det faktisk ei endring skje!

Eg slites i to av og ha det som dette, for barnet først vil eg alltid sette!

Krava er mange og hendene få, skal eg berre ta hatten min og gå?

_________________________

Dette diktet vart først framført under pedagogisk kafé i regi av Utdanningsforbundet på Stord på Åtgaum 11. januar.