Synnøve Tollaas, For Norsk Lektorlag/Naturviterne/Samfunnsviterne ved Stord vidaregåande skule

Siri Helle skriv i Dag og Tid, Den same skulen må vere god for alle, 8.3.24.:

«På naturishistorisk museum i London står to figurar i leire som har fått kroppsdelane sine modellert i storleik etter kor stor del av hjernekapasiteten den kroppsdelen legg beslag på. Den eine syner det motoriske, den andre sensorisk, men begge har det til felles at hendene er den klart største kroppsdelen. Ved å lære oss å bruke hendene våre til praktiske handlingar opnar vi rett og slett opp hjernen vår og når han på ein annan måte.»

I fylkesdirektørens høyringsforslag til tilbodsstrukturen i Vestland for 2025-2035, vil han fjerne ein stor del av det skapande og praktiske tilbodet, ikkje berre frå Stord VGS, men frå heile Sunnhordland.

Konsulentselskapet Norconsult har kartlagt kapasiteten i alle utdanningsprogramma i fylket, og på det grunnlaget konkluderer rapporten med at vi i Sunnhordland ikkje treng Service, samferdsel og reiseliv (SR, yrkesfag), Medium og kommunikasjon (ME) eller Musikk, dans og drama (MD). Dei to siste er studieførebuande utdanningsprogram.

Eit av argumenta for fjerninga er at MD og ME er halve klassar,- og alle halve klassar på studieførebuande utdanningsprogram i fylket skal vekk i følge forslaget. I Sunnhordland er den samla ledige kapasiteten på alle programområde 14%, i Nordhordland 13%, Bergen 9% osb,-  altså ligg  ikkje Sunnhordland dårleg til, om det er statistikk og prosentdeler ein meiner skal styre skulepolitikken og  samfunnet.

Økonomi, saman med angiveleg kjennskap til framtidas elevgrunnlag, blir rekna som  viktig argument for nedbygginga. I forslaget argumenterar ein t.d. med at halve klassar er spesielt dyre fordi ein ikkje kan slå saman klassane i alle fag. På Stord vert ME og MD slått saman i fellesfaga, dette utgjer over halve timetalet! MD er ikkje foreslått lagt ned innan fylket, men skal saman med Voss bli flytta til Bergen. Dette utgjer tilsaman 90 elevplassar.

Er det slik ein vil skape gode tilhøve kollegaer og skular imellom? Blir heile eller delar av høyringsforslaget  vedteke, kan det utgjere overtal (av lærarar) i fleire fag enn desse tre utdanningsprogramma, med den uroa det vil skape rundt om i fylket.

På Stord VGS er vi avhengige av kvarandre. Vi har yrkesfaglege utdanningsprogram hovudsakeleg retta mot industrien på den eine sida og studieførebuande utdanningsprogram, der studiespesialiserande er mest teoretisk retta, på den andre. Så har vi altså desse tre som er med på å berike både skule og region: ME, SR og MD.

Er du 15-16 år og ikkje heilt veit kva du vil bli, kanskje har du ikkje heilt funne plassen din i den teoretiske skulekvardagen, er ofte SR, ME og MD svært viktige studieprogram, dette veit vi. Det fins fleire eksempel på elevar som endeleg finn seg til rette når dei startar hos oss.

Kva skal desse elevane ta seg til om tilboda fell bort? Dei fleste føresette ønskjer ikkje å sende barnet sitt på hybel til Bergen, billig er det heller ikkje.

Resultatet vil bli at skuletilboda innan fylket blir urettferdig, og at ungdomar mistrivst. Samfunnet vårt blir meir einsretta, ein merker det kanskje ikkje med ein gong, men det er for seint når det skjer. Skal vi berre stole på økonomiske prognosar i vår vaklande verden?

Tilbake til høyringsforslaget. I mandatet ligg m.a. følgjande på s. 5: «Tilbodsstrukturen i Vestland fylkeskommune skal:

·       «vidareføre den desentraliserte skulestrukturen.  I distrikta er skulen ein viktig hjørnestein for lokalsamfunna og sikrar mange elevar moglegheit til å gå på ein skule nær der dei bur. Elevane skal ha tilgang på variert opplærings- og linjetilbod i sine nærområde»,

·       «ha eit tilbod om alle utdanningsprogram og eit breitt spekter av programområde»

·       «sikre at flest mogleg vg1-elevar slepp ein ufrivillig lang reiseveg»

Vi kan ikkje sjå at dette blir tatt omsyn til i forslaget.

Samfunnet har ansvar for eit skuletilbod til alle frå den mest viljesterke eleven med skapande evner, til «stilleste gutt på sovesal 1» (Lillebjørn Nilsen).