Sigbjørn Framnes. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

DEBATT: I klimaplanen seier Høgre at det også nesten utelukkande skal seljast nullutsleppsbilar i 2025. Vil dei ha eit forbod mot nye bensin- og dieselbilar?

Av: Sigbjørn Framnes, 3. kandidat til Stortinget, Hordaland Frp
og Silje Hjemdal, stortingsrepresentant (Frp)

Regjeringa sin klimaplan som blei lagt fram nyleg er dyster lesing for landets bilistar. At Høgre er villig til å slå så hardt ned på bilistene er sjokkerande. Dette ser mest ut som noko som er lagt fram av Ap, Sp, Sv og MDG.

Høyre vil meir enn tredobla CO2-avgifta. Det vil kunne sende prisen på bensin og diesel opp med 4-5 kroner. Tjuetalet på prisskilta på landets bensinstasjonar vil kunne lyse mot landets bilistar. MDG ynskjer som kjent å auke bensinavgifta med fem kroner, men at Høgre nå kan opne opp for det same – det er så man ikkje trur da.  

Det stoppar dessverre ikkje der. Klimaplanen vil også opna for såkalte nullutsleppssonar i landets byar. Forbodssonar er et betre uttrykk. Vi snakkar altså om områder i byene der bensin- og dieselbilar ikkje for lov å køyra. 

Ap- og MDG-byrådane i Oslo og Bergen har alt etterspurt dette. Nå leverer Høgre det dei ber om. I andre byer der Ap, MDG og Sp har en hand på rattet kan man nok også vente seg at dei villig grip moglegheitene Høgre no gir dei. 

- Annonse -

I klimaplanen seier Høgre at det også nesten utelukkande skal seljast nullutsleppsbilar i 2025. Vil dei ha eit forbod mot nye bensin- og dieselbilar? Eller auke avgiftene både på kjøp av bil og det å fylle drivstoff så mye at vanlege folk ikkje har råd til å kjøpe eller halde seg med ein bensin- eller dieselbil?

Igjen blir nok ikkje partia på venstresida vonde å be. Senterpartiet har i sitt utkast til nytt partiprogram slått fast at alle nye personbilar og lette varebilar som seljes i 2025 skal være nullutsleppsbilar.

Høgre skuffer valdsamt. Er det regjerings-Høgre som ynskjer å by øve venstresida i radikal klimapolitikk, eller har dette også støtte på grasrota i partiet?

Klimafanatismen i H og MDG dreper næringslivet i Bergen sentrum!

Mens koronapandemien framleis herjar og næringslivet skrik etter kapital, fortset MDG sin kyniske kamp mot bilistane. Byråd Eline Haakestad frå MDG bommer totalt når ho ikkje trur at nullutsleppssonar kommer til å ha negativ effekt på sentrumshandelen. Dette samtidig som dei ynskjer mindre parkering, mindre vegutbygging og meir avgifter. Etter seks år med same politikk i Oslo er resultata for sentrumshandelen nedslåande. Tapet i omsetninga for butikkar i Oslo utgjer mange milliardar kroner. Fremskrittspartiet vil ikkje la butikkane i Bergen lide same skjebne.

Vi vil ha eit sentrum for alle, ein samlingsstad for dei med bustad rett ved og for dei som bur utanfor bykjernar. Når byrådet vil gjera det vanskelegare og dyrare er det rett og slett usosialt. Er det berre rike som skal kunne bo og reise til byen? Dette er som Bergenspressa påpeikar symbolpolitikk på sitt tydelegaste. Det handelsstanden og næringen trenger er fleire tilreisande, ikkje færre.

Det mest skremmande er kanskje at dette nå blir gjort med regjeringa og Høgre sin velsigning.

MDG styrer klimapolitikken i Vestland fylkeskommune!

MDG styrer koalisjonen og får dei andre i koalisjonen med seg på rådyre klimatiltak, politisk fleirtal ynskjer eit fylke som pilot for resten av Norge. Skal fylket ta eit nasjonalt ansvar, må staten ta rekninga! Når det ikkje skjer, så set dette fylke sin økonomi på spel med innsparingar på viktige fylkeskommunale oppgåver. At klima trumfar våre oppgåver knytt til vidaregåande skular, er nå regelen. Nedlegging av linjer og skulestruktur ser ut for å bli debatten i fylket framover. Dette ynskjer ikkje Frp å være med på, skuletilbodet for våre ungdommar er og skal være ei prioritert oppgåve i fylket.

For FrP vil det være uaktuelt å støtte radikale, bilfiendtleg og rett fram usosiale klimatiltak.