Willie Wågen (t.v.) er leigd inn som prosjektleiar for det nye katapultsenteret på Heiane. Asbjørn Halsebakke frå The Switch er interimstyreleiar. Foto: NCE Maritime Cleantech
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Frå nyttår skal det nye katapultsenteret på Stord vere operativt, som skal tilby testlokale for ny, grøn teknologi for verksemder frå heile landet.

I starten av sommaren kom nyhenda om at NCE Maritime CleanTech på Stord blei tildelt eit såkalla katapultsenter. Saman med Ålesund og Bergen var Stord peikt ut av 15 søkjarar i landet for å få eit slikt nasjonalt senter.

Senteret vil vere ein paraply for testsentra på Stord, Rubbestadneset, Karmøy, Utsira og i operative fartøy.

Operativt frå nyttår

Arbeidet med å stable det nye katapultsenteret på beina er i full gang.

Willie Wågen frå Stord som er leigd inn som prosjektleiar for etablering av det nye selskapet. Han kjem frå stillinga som leiar for sal og marknadsføring i Corvus Energy, eit gründerselskap som leverer batteri til skip.

Til Skipsrevyen seier han at avtalar mellom bedriftene og stiftinga av selskapet er det som står på agendaen fram til jul. Planen er at selskapet skal vere operativt frå 1. januar.

- Annonse -

Får lære om ny teknologi

- Annonse -
- Annonse -

Katapultsenteret vil vere eigd av NCE Maritime CleanTech, Unitech, The Switch og Bergen teknologioverføring.

– Dei vil stille utstyr til disposisjon for testing av nye og grøne energiløysingar. Fordelen for reiarane er då at dei får lære om ny teknologi og får tidleg sett om dette er lønsamt. Katapultsenteret skal gjere vegen frå nytt produkt og ut i marknaden litt lettare, seier Wågen til Skipsrevyen.

Han seier det vil vere ein stor fordel for bedriftene å kunne teste produkta i eit system i form av ein testlab for energiløysingar på sjø og på land.

Testsenteret på Stord har det offisielle namnet Sustainable Energy NCC, og skal teste nye, bærekraftige løysingar innan flere bransjar, blant annet havbruk og transportsektoren. Dei tar utgangspunkt i «det grøne skiftet», eit område der klynga allereie har etablert betydelig kompetanse.

- Annonse -