Ordførar Wenche Tislevoll i Fitjar. Foto: FP-arkiv/HCH.
- Annonse -

Etter to periodar som Fitjar-ordførar har Wenche Tislevoll (H) no bestemt seg for å trekkje seg frå lokalpolitikken.

– Eg har vel eigentleg tenkt på det ei stund, og så har eg no bestemt meg heilt. Eg kjem til å gi meg heilt i lokalpolitikken, og vil sjå nye moglegheiter og gjere noko anna, seier Wenche Tislevoll til Fitjarposten.

Høgre-ordføraren kjem dermed ikkje til å søkje attval som ordførar i Fitjar ved neste års kommunestyresal.

Det var Sunnhordland som først omtalte saka.

– Det har vore sju fantastiske år som ordførar. Eg føler me har fått til mykje i Fitjar, og dette med å møte innbyggjarane har vore fantastisk. Alt eg har fått opplevd som eg ikkje hadde fått oppleve dersom eg ikkje hadde blitt ordførar. Frå besøk på sjukeheimen til å vere på slottet. Det er jo utruleg mykje som har vore veldig, veldig kjekt.

– Kva skal du gjere no då?

- Annonse -

– Det veit eg ikkje. Eg har jo ikkje jobb. Den sa eg opp for tre år sidan. Men det er alltid moglegheiter. Som ordførar har eg fått høve til å bygge eit stort kontaktnett regionalt og nasjonalt.

Tislevoll var som kjent ein ivrig førekjempar for kommunesamanslåing med Stord. Dersom den avtala vart vedteken ville ho uansett ikkje ha vore ordførar etter 2019.

– I utgangspunktet tenkte eg å setje sluttstreken etter kommunereformen. Det var eigentleg denne reformen som gjorde at eg ville jobbe for å byggje opp Fitjar kommune, og så vil eg trekkje meg.

– Hadde det vore vanskeleg å halde fram som ordførar i ein ny periode når du er blant mindretalet som ønskjer kommunesamanslåing?

– Nei, det trur eg eigentleg ikkje. Men det handlar vel om at engasjementet mitt må vere heilt på topp for å vere ordførar. Det er ganske altoppslukande, og då må ein ha iver og engasjement for å vere til stades. Det har eg ikkje greidd å arbeidd opp for fire nye år.

– Kva blir den største utfordringa for arvtakaren din?

– Eg vonar me no gjennom omorganiseringa greier å snu skuta, og byggje opp Fitjar for framtida ved å stå på eigne, stødige bein. Eg håper me det neste året får gjort ein del av dette arbeidet før eg overlet ordførarvervet til andre. At me greier å ta nokre kloke val no, som gjer at me kan bygge framtida.

– For det er moglegheiter, me må berre gripe dei.

Sjølv om Tislevoll gir seg i Fitjar-politikken så vil ho framleis stå på fylkestingslista, der ho reknar med å få ein varaplass.

- Annonse -