Aktørane tok i mot prisen i London. Foto: Wärtsilä
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Løysinga som Wärtsilä har utvilka saman med reiarlaget Teekay sparar utslepp tilsvarande 30.000 personbilar i året. For det vann dei internasjonal miljøpris i London.

I vinter teikna Wärtsilä sin største kontrakt nokon sinne med det kanaiske reiarlaget Teekay, som saman skal utvikle eit nytt konsept for tankskip som tilbyr eit heilt nytt nivå av miljøvennlege løysingar for slike type skip.

Det har skapt merksemd i det internasjonale shipping-miljøet. Aktørane vart nemleg nominert til den årlege Tanker Shipping & Trade-konferansen i London for nokre veker sidan.

Denne veka vart det klart at dei vann prisen.

Prisen får dei for det nye konseptet for skytteltankarar som reduserer årlege utslepp av CO2 med meir enn 40 prosent.

– Me er stolt over å motta denne prisen og at miljøet her på Stord har bidrege med ein svært fremtidsretta batteriløysing, som både kuttar utslepp og utgifter til drivstoff for våre kundar, seier Dagfinn Botnen, leiar for Power Conversion i Noreg.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Det framtidsretta konseptet er altså utvikla på Stord. Wärtsilä skriv at konseptet fører til både økonomiske og miljømessige fordelar ved at ein reduserer bruken av drivstoff og årlege utslepp av CO2 med meir enn 40 prosent samanlikna med konvensjonelle tankskip.

I tillegg til å nytta flytande naturgass (LNG) som hovuddrivstoff, vil motorane også kunne køyre på ei blanding av LNG og gassen som fordampar fra oljetankane under lasting.

– Ein snakkar her om ein gevinst som tilsvarer utslepp frå meir enn 30.000 personbilar per år per skip, skriv selskapet.

- Annonse -