- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Lokalt samarbeid mellom Wärtsilä på Stord og Fitjar Mekaniske Verkstad.

Wärtsilä melder fredag at dei har fått i oppdrag å konstruere, levere og installere komplette hybridbatteripakker til to offshore forsyningsskip

Skipa, Ocean Star og Ocean Art, er eigd av den norske operatøren Atlantic Offshore.

Oppgraderingsprosjektet vil bli gjennomført ved Fitjar Mekaniske Verksted.

– Ved å konvertere fartøya til hybrid framdrift, vil eigarane kunne spare drivstoff og dermed påverke miljøet mindre, skriv Wärtsilä, som opplyser at kontrakten blei signert i juni i år.

– Me har vektlagt Wärtsilä sitt fokus på større effektivitet og betre miljøytelse når desse to fartøya nå skal oppgraderast. I tillegg til å spare drivstoff og redusere klimagassutslepp, vil hybridpakkane våre gjere skipa meir attraktive for potensielle kundar, seier Administrerende direktør, Roy Wareberg, i Atlantic Offshore.

- Annonse -

Wärtsilä skal også gjennomføre testing og sjøforsøk på alle systema som skal installerast. Oppgraderingsprosjektet for begge skipa er forventa å vere ferdig tidleg i 2020.

- Annonse -