Viking Neptun. Foto: Eidesvik
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Eidesvik får installert hybrid framdriftsteknologi på sitt tredje skip av Wärtsilä på Stord.

Wärtsilä skal levere eit nytt hybrid framdriftssystem til offshorefartøyet «Viking Neptun», som er eigd av Eidesvik AS.

Dette oppdraget er det tredje i rekkja – etter at Wärtsilä dei siste månadane har motteke to tilsvarande kontraktar vedrørande hybrid oppgradering, skriv Wärtsilä i ei pressemelding.

Selskapet skriv at hybridløysinga, som vil innebere delvis framdrift på batteri, vil redusere skipet sin drivstoffkostnadar og forbetre miljøprofilen, i tillegg til at vedlikehaldskostnadane blir redusert.

– Industrien går mot ein ny teknologisk tidsalder med større effektivitet og meir bærekraftig drift. Våre hybridløysingar er godt etablerte og velprøvde, og dette siste prosjektet er ytterligare eit bevis på kva slags kompetanse me har på dette feltet, seier Cato Esperø, som leiar salsavdelinga i Norden og Baltikum for Wärtsilä Marine.

Eidesvik skriv at dei har bak seg eit langt samarbeid med Wärtsilä, og har tru på ei vidare grøn satsing av flåten.

- Annonse -

– Det er veldig viktig for oss å vera med å redusera klimagassutslepp frå skipsfart, og det er grunnen til at me prioriterer bærekraftig drift av flåten vår. Me har samarbeida tett med Wärtsilä i mange år, og nølte ikkje med å velgja dei igjen for dette oppgraderingsprosjektet innan hybrid teknologi, seier visepresident for teknologi og utvikling, Vermund Hjelland, i Eidesvik.

Wärtsilä sin leveranse omfattar to batteripakker. Desse er preinstallert i containarar. Wärtsilä kjem også til å oppgradera det eksisterande sentralbordet, i tillegg til dei integrerte automatiserings- og strømstyringssystema.

Prosjektet er forventa å vera ferdig i løpet av ein seksmånadarsperiode.

- Annonse -