- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Skal designe og utstyre eit 168 meter langt toppmoderne transportfartøy til Aker BioMarine.

– Dette er ein god kontrakt for Stord-miljøet. Det blir ganske mange på Stord som kjem til å jobbe med dette, seier leiaren i Wärtsilä Ship Design, Ove Wilhelmsen.

Selskapet er tildelt kontrakt for å designe eit toppmoderne multifunksjonsfartøy som skal operera i Antarktis. Wärtsilä skal også utrusta fartøyet med ein omfattande pakke med integrerte framdrifts- og hybridløysingar for å sikra miljømessig bærekraftig drift.

– Dette er eit veldig viktig logistikkfartøy for at fisket skal fungere effektivt der nede. Det blir eit ganske komplekst og avansert skip.

Ove Wilhelmsen i Wärtsilä Ship Design. Foto: Enova

Mykje jobb på Stord

Utviklingsjobben kjem til å bli gjort på Stord.

– Designarane skal jobbe frå Stord, og det vil også sysselsetje folk på kontoret vårt i Polen. Me får ein peak no utover våren. Utstyrsdelen er det elektro- og automatiseringsmiljøet her på Heiane som kjem til å stå for det meste av.

- Annonse -
- Annonse -

Skipet har som oppgåve å støtte Aker Biomarine sine krillfiskebåtar i Sørishavet. Båten skal gå fram og tilbake mellom båtane ved iskanten på Antarktis og til hovudstaden Montevideo i Uruguay der Aker Biomarine har sin base.

Strenge miljøkrav

Å operere i polare strøk stiller ekstra strenge krav til skipsdesignarane.

– Kulden er ein ting. Det er jo eit eige regelverk som må følgjast for polare strøk. Så må me leggje veldig mykje vekt på miljøvenlegheit, og ikkje gi utslepp som skal skade naturen i Antarktis.

- Annonse -

Wilhelmsen trur krillfiske kan bli ein viktig marknad for Wärtsilä i framtida.

– Me kan ganske mykje om dette med krillfiske, i og med at me også har designa ein krillfiskebåt for eit kinesisk reiarlag. Me trur at dette er ein viktig del av framtida sine næringsvegar, og trur det blir ein viktig nisje for oss framover. Både kinesarane og russarane er interessert, seier Wilhelmsen.

Ikkje mint er han veldig glad for å ha teikna kontrakt med eit selskap som Aker BioMarine.

– Dette er ein ganske spennande jobb. Så er det artig å jobbe med ein kunde som Aker. Dei stiller store krav, og er blant dei som har lukkast aller best i verda med dette med krillfiske. Dei har hatt veldig stor suksess med fisket og ein god logistikk som gjer at dei har hand om heile verdikjeda.

Det nye fartøyet vil ha Wärtsilä sin prisløna Wärtsilä 31-motor, som av Guinness’ Rekordbok er kåra til verdas mest effektive 4-takts dieselmotor. Alle motorane vil vera utstyrt med Wärtsilä sitt system for NOx-reduksjon (NOR) for å hindra nitrogenoksidutslipp når den er i dieselmodus.

Fartøyet skal vera klart hausten 2021.

- Annonse -