Skipet Harvey Energy blir pioner innan grøn skipsteknologi, takka vere Wärtsilä på Stord.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Skal levere hybrid batteri- og motorløysning for selskapet oljeselskapet Harvey Gulf International.

Wärtsilä har skaffa seg ein ny, spennande kontrakt med ein kunde på andre sida av Atlanterhavet.

Selskapet skal levere ein hybrid batteri- og motorløysning til eit plattformforsyningsfartøyet (PSV) Harvey Energy. Fartøyet, som er eigd av Harvey Gulf International Marine i Louisiana, vil bli den første hybride oppgraderinga av ein PSV i Amerika, melder Wärtsilä i ein pressemelding.

– Dette er ein viktig kontrakt for hybridmiljøet på Heiane, då ein ser at grønne løysingar for skipsfarten er i ferd med å få fotfeste også andre stader en i Norge, seier kommunikasjonssjef i Wärtsilä, Jane Jünger.

Wärtsilä skal installera ein 1450 kW batteri- og hybridløsning som kjem til å redusere eksosutslepp, drivstofforbruket og støy. Det er forventa at den samla innsparinga til drivstoffutgifter blir på mellom 10 og 20 prosent.

Batterikapasiteten vil vera tilstrekkeleg til å sege inn og ut av hamner på elektrisk kraft, samstundes som landstrøm vil kunne forsyne fartøyet med kraft når det ligg ved kai.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Løysningen består av eit energilagrinssystem, energistyringssystem, transformator og sjølve motoren – alt montert i ein container som er planlagt levert i desember i år.

– Me har vald Wärtsilä som partner for flere år sidan fordi dei hadde stor erfaring med LNG- og dual-fuel motorteknologi. Det passa godt med Harveys oppdrag i Mexicogulfen der me har den mest drivstoffeffektive og miljøvennlege flåten av PSV’ar i Amerika. Wärtsilä var difor det naturlige valet for oss, seier Harvey Gulf-sjef Shane Guidry.

Medan «Harvey Energy» blir den første PSV’en i Amerika med ein hybrid oppgraderingar, så har Wärtsilä allereie gjennomført ei rekkje hybrid-ettermonteringar for tilsvarande skip Europa.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -