Det nye ekspedisjonsskipet som blir bygd for Sunstone skal ha Wärtsilä-motorar og system for eksosrensing.
- Annonse -

– Motorane våre er eit svært godt produkt som passar utmerka til dette fartyet, seier salssefen i Wärtsilä på Stord.

Wärtsilä skal levera motorar og eksosrensesystem til eit nytt 104 meter langt ekspedisjonsskip for cruisepassasjerar, melder selskapet i ei melding.

Skipet blir bygd av China Merchants Heavy Industry (Jiangsu) i Kina for Sunstone Ships i Miami, USA. Wärtsilä sin kontrakt blei inngått med norske Ulstein Design, som er ansvarleg for å levere skipet sin design og utstyrspakke til verftet.

Svært glade

Ordren blei tinga i juni 2017, og det er opsjonar for yttarlegare ni fartøy knytt til kontrakten.

– Me er glade for å samarbeida med Ulstein i dette nybyggingsprosjektet. Wärtsilä 20-motoren er eit svært godt produkt som passar utmerka til dette fartyet, seier Cato Esperø, Sales Director i Wärtsilä Norway.

- Annonse -

Wärtsilä-utstyret skal bli levert til verftet i januar 2018, og skipet er venta å kome i drift i september 2019.

Godt rykte

– Cruiseskip må vere pålitelege og ha god yting, sidan dei for det meste opererer med strenge tidstabellar. Samstundes er miljømessig bærekraft i dag eit viktig element i cruisesektoren. Wärtsilä sitt rykte talar for seg sjølv på alle desse områda, seier Ove Dimmen, salssjef i Ulstein Design.

Motorane som skal bli levert er to sekssylindra og to åttesylindra Wärtsilä 20-motorarar, samt Wärtsilä sitt NOT eksosreinseanlegg.

- Annonse -