- Annonse -

Skal nytte ein ny versjon av Wärtsilä-motoren som ifølgje Guinness er verdas mest effektive 4-takts dieselmotor.

Wärtsilä skal levera hovudmotor og hjelpemotor til ein ny hypermoderne pelagisk trålar som er under konstruksjon på eit norsk verft. Trålaren er tinga av Research Fishing Co, som er basert i Lerwick på Shetland. Avtalen blei inngått i april 2017, skriv Wärtsilä i ei pressemelding.

Pelagisk trålar er ein fisketrålar der trålinga føregår høgare i sjøen, i staden for botntråling.

Verdsrekord

Motoren er ein Wartsila 31-motor, som har blitt anerkjend av Guinness rekordbok som verdas mest effektive 4-takts dieselmotor. Dette blir den første 12-sylindra versjonen av denne motoren som nokon gong er tinga.

I tillegg skal Wärtsilä levera girkasse, propel, samt ein 8-sylindra og ein 6-sylindra Wärtsilä 20 hjelpemotor. Levering av Wärtsilä-utstyret er planlagt å starta i november 2017.

- Annonse -

– Wärtsilä 31-motoren er i ein eigen klasse når det gjeld drivstoffeffektivitet, i tillegg til at den hjelper til å redusera eksosutslippa monaleg, seier Stefan Wiik, visepresident, Engines, Wärtsilä Marine Solutions i pressemeldinga.

Framtidsretta

Rederiet som eig skipet melder at framdriftssystemet til Wärtsilä er eit framtidsretta system.

– Dette fartyet er designa for å møte våre framtidige utfordringar, og me er viss på at ved å velja at eit framdriftssystem frå Wärtsilä så oppnår me dette, sier Gary Williamson, frå Skipper og Co, som eig skipet.

Når fiskefartøyet blir levert hausten 2018, vil det 79,8 meter lange fartøyet, som er designa av Skipsteknisk, operera i skotske farvatn

- Annonse -