Dei fire riggane under bygging i Sør-Korea. Foto: Songa Offshore
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Fire nedsenkbare boreriggar i Nordsjøen skal takast vare på av Wärtsila gjennom sanntidsovervaking og inspeksjonar.

Dei fire offshoreriggane er Songa Equinox, Songa Encourage, Songa Endurance og Songa Enabler. Kvar rigg er frå før utstyrt med 32 Wärtsilä-motorar.

– Me er svært glade for å ha vunne vår første langsiktige avtale med Songa Offshore. Gjennom ekspertisen vår sikrar me at riggane til kunden når sitt fulle potensiale i dei tøffe tilhøva i Nord-Atlanteren, seier salsdirektør Cato Esperø i Wärtsilä Norway i ei pressemelding.

Avtalen vart signert i desember 2016, og vil gå over fem år. Den omfattar dynamisk vedlikehaldsplanlegging og inspeksjonar, online tilstandsovervaking av motorar, samt analyser av tilstanden til utstyret.

Store problem

Ein av riggane til Songa som Wärtsilä no skal vedlikehalde, har hatt store problem med vasslekkasjar. 2. januar ble det meldt om vasslekkasje i eit pumperom om bord på Songa Encourage. Lekkasjen skuldast at riggen krenga i dårleg vêr i Norskehavet.

- Annonse -
- Annonse -

Det vart sett i gang full mønstring av dei 79 om bord og 8 personar vart flydd med helikopter til Heidrun-plattformen like ved. Riggen vart deretter frakta til Kristiansund, der den vart sjekka og fiksa. Først 6. februar var riggen tilbake i arbeid.

- Annonse -

I Songas kvartalsrapport for fjerde kvartal kom det fram at hendinga totalt kosta selskapet 20 millioner dollar – om lag 170 millioner kroner med dagens kurs.

Hendinga førte til at Songa også utarbeida dei fire andre offshore-riggane, ifølgje Sysla.

Ny kontrakt også med PGS Geophysical

Kontrakten kjem berre kort tid etter at Wärtsilä sikra seg ein tilsvarande verdifull kontrakt med seiskmikkselskapet PGS Geophysical  som gjer Wärtsilä til den føretrekte leverandøren av service på motorar og anna framdriftssystem. Denne avtalen vil gå over tre år, og sikra mest aktivitet ved verkstaden på Rubbestadneset på Bømlo.

Songa Encourage er ein av dei fire riggane som vert dekt av den nye serviceavtala mellom Wärtsilä og Songa Offshore.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -