Foto: Wärtsilä
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Austevoll-reiarlaget North Sea Offshore har fått bygd om konstruksjonsskipet North Sea Giant til framtidsretta hybriddrift med løysingar frå Wärtsilä-miljøet på Stord.

For første gang har Wärtsilä installert tre energilagringssystem om bord på eit offshorefartøy der energien frå dei tre systema kan fordelast i forhold til kvarandre.

Energilagringssystema er sett saman av ei diesel-elektrisk løysing med batteri, og er designa for å levere heile 50 prosent lågare drivstofforbruk, gitt optimale driftsforhold, skriv Wärtsilä i ei pressemelding.

– Dette er ei framtidsretta løysing som gir både kostnads- og miljøfordeler, inkludert mindre vedlikehald, redusert drivstoffbruk, mindre eksosutslepp og tryggare operasjonar. Me er trygge på at heile bransjen vil nyta godt av denne positive effekten, seier Sindre Utne i Wärtsilä.

Energilagringssystemet blei installert i februar 2018 ombord på «North Sea Giant» som er eigd av North Sea Shipping AS. Fartøyet er eit av verdas største og mest avanserte subsea-fartøy.

I fase to av prosjektet sette Wärtsilä i drift eit nyutvikla system som gjer at fartøyet kan dele belastning og energi på ein optimal måte mellom dei tre Wärtsilä energilagringssystema.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Denne teknologien er forventa å generera reduserte kostnadar  på til saman to millionar liter drivstoff kvart einaste år.

– Det avanserte Wärtsilä energilagringssystemet er viktig fordi ein vil nytta mindre drivstoff og såleis er ei bærekraftig løysing. Prosjektet har vore driven fram av vårt engasjement rundt forbetring av miljøeffekten av offshore-relaterte operasjonar i Nordsjøen, seier administrerende direktør, Hallvard Klepsvik, i North Sea Shipping AS.

Dei tre Wärtsilä energilagringssystema fungerer slik at dei reduserer belastninga på skipet sine dieselgeneratorer. Fartøy som nyttar dynamisk posisjonering krev normalt to eller fleire motorar som opererer parallelt med låg belastning for å sikra naudsynt kraft når skipet blir halde i ro.

Ved å nytta Wärtsilä sine hybridbatteri for å gje den naudsynte reservekrafta, kan motorane køyra nærare det optimale belastningspunktet.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -