Wärtsilä skal utvikle framdriftssystem på fire av tankskipa som det kanadiske reiarlaget Teekay har kontrahert.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Wärtsilä har i samarbeid med selskapet Teekay utvikla eit nytt konsept for tankskip som tilbyr eit heilt nytt nivå av miljøvennlege løysingar for denne type skip.

Det kanadiske reiarlaget Teekay er verdas største leverandør av skytteltankartenester og har kontrahert fire fartøy av ein ny generasjonen bøyelastarar, som vil bli bygd av Samsung Heavy Industries i Sør-Korea. Tankskipa vil innehalde eit bredt spekter av Wärtsilä sine siste teknologiske innovasjonar, som alle er heilt sentrale for konseptet sine samla forbetringar.

Kontrakten som blei signert ved årsskiftet har ein verdi på heile 1,1 milliardar norske kroner.

– Lokalt betyr dette aktivitet for elektro- og automasjons-miljøet på Heiane, og i Grunnavågen, både for Wärtsilä sine tilsette og The Switch, skriv kommunikasjonssef i Wärtsilä Jane Jünger.

Utvikla på Heiane

Konseptet som skal leverast er utvikla på Heiane på Stord.

– Det nye og uninke konseptet er utvikla i elektro- og automasjonsmiljøet på Heiane – i nært samarbeid med Teekay sit avdelingskontor i Stavanger. Teekay kom til Wärtsilä på Stord for å få hjelp til å utvikla noko heilt nytt.

- Annonse -
- Annonse -

Framdriftssystemet som Wärtsilä skal levere vil ikkje berre redusere CO2-utsleppa på tankskipa, men også inkludere batteri for energilagring, samt gassturbinar som forbrenn skadeleg metangass.

– Ein snakkar her om ein vinst som svarar til utslepp frå meir enn 30.000 personbilar per år per skip, slår Jünger fast.

- Annonse -

I verdstoppen

Det nye konseptet består av eit diesel-elektrisk framdriftssystem med fleire mindre dieselmotorar, som gir kraft til det elektriske anlegget om bord.

– Dette er kraftelektronikk i praksis, eit fagområde der kunnskapen på Heiane er i verdstoppen, seier Dagfinn Botnen, leiar av Elektro- og automasjonsavdeling til Wärtsilä, på Stord.

Presidenten i Wärtsilä Martine Solutions, Roger Holm, seier at kontrakten stadfestar posisjonen konsertet har teke innan grøn skipsteknologi.

– Saman med Teekay har me utvikla eit konsept som tek skytteltankaren inn i ei ny tid. Konseptet er nok ei stadfesting på at Wärtsilä har emna til å gjere shippingnæringa grønare og meir lønnsom gjennom å utvikla og ta i bruk ny teknologi, seier Roger Holm, President i Wärtsilä Marine Solutions.

– Desse skipa vil ha enorm operativ fleksibilitet, og oppnå det alle operatørar i dag ønskjer, nemleg optimale miljømessige og økonomiske ytingar.

- Annonse -