Wärtsilä har signert ein ny kontrakt med Eidesvik Offshore om installering av eit hybridsystem med batterier om bord på fartøyet Viking Princess. Foto: Wärtsilä
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Får oppdraget med å erstatte ein generator med batteri om bord på Eidesvik-skipet «Viking Princess».

For nokre veker sidan kom meldinga om at Eidesvik på Bømlo skal erstatte ein heil generator med batteri i skipet Viking Princess. Det er første gong på verdsbasis at batteriteknologi vert nytta i ein slik målestokk på eit skip.

No er det klart at det er Wärtsila som vil stå som leverandør av den nyskapande teknologien.

Viktig kontrakt

– Dette er ein stor og viktig kontrakt for Wärtsilä som går gjennom fleire avdelingar som er involvert i prosjektet, seier salsdirektør Cato Esperø i Wärtsilä til Stord24.

– Hybridsystem er ei framtidsretta løysing som ikkje berre reduserer drivstofforbruk og utslepp, men den fører også til tryggare og meir effektive operasjonar. Me er sikre på at dette prosjektet vil ha ein positiv effekt på næringa, seier Esperø.

- Annonse -

Wärtsilä vil montere det nye batterisystemet i løpet av september 2017, og det er 20 tilsette i Wärtsilä som vil jobbe med prosjektet over ein 12 månader lang periode.

– Prinsippet er å erstatte hovudgeneratoren om bord med ein batteripakke, som vil fungere som ei fjerde generator. Det er første gong dette er blitt gjort i verdssamanheng, fortel Dag Håvard Håvardsholm i Wärtsilä som har ansvar for prosjektet.

(saka held fram under biletet)

Supplyskipet Viking Princess vart bygd av Kleven Verft i Ulsteinvik i 2012. Foto: Eidesvik

Positiv signaleffekt

– Me trur at dette prosjektet vil ha ein positiv signaleffekt i heile bransjen. Det er eit aukande fokus innan shipping for å redusere utslepp, og me trur at ulike hybridløysningar som dei Eidesvik har fått installert i fleire av fartyene, vil bli føretrekte av fleire reiarlag framover.

Håvardsholm seier den nyskapande teknologien vert eit viktig satsingsområde for Wärtsilä framover.

– Ja, dette er noko spesielt me i Wärtsilä Norge jobbar intenst med å få til, både på nybyggsida og når det gjeld oppgradering av eksisterande fartøy. Me ser potensialet i å få ein reinare marin flåte og å redusere utsleppa. Det er viktig for oss å få vidareført dette.

Svarar til fem Tesla-motorar

Ved å byte ut ein generator med batteri vil ein kunne oppnå betydeleg lågare utslepp. For fartøy som ligg ute i felt vil ein oppnå ei drivstoffinnsparing på 30 prosent, og 18 prosent totalt for alle operasjonar, fortel Håvardsholm.

– Batteripakken svarar til fem Tesla-motorar, og har ein kapasitet på totalt 500 kilowatt timar. Det seier litt om kor stort potensialet er.

Tradisjonelt er det innan ferjedrift at batteriteknologien til no har vore aktuell, grunna korte strekningar. At teknologien no også er aktuell for større strekningar er mykje fordi desse båtane har stor generatorkapasitet grunna tryggleiken, og at desse fartøya ofte er i standby med låg last, utan behov for så mykje motorkraft.

– Stort potensiale

– Spesielt for supply-båtar og fiskebåtar er det snakk om potensiale for store utsleppsreduksjonar. Det er heilt klart at dette berre er byrjinga, seier Håvardsholm optimistisk.

Han peiker på at det no er eit heilt anna fokus på denne typen teknologi i bransjen samanlikna med berre for få år sidan.

– Me har merka ein heilt anna førespurnad etter denne teknologien. Det har samanheng både med fokuset på kostnadsreduksjon og miljøaspektet.

Kontrakten er ei vidareføring på ei sterk felles satsing på batteriteknologi som Eidesvik og Wärtsilä har samarbeidd om sidan 2003, då «Viking Energy», verdas første LNG-drivne forsyningsfarty blei lansert, og vidareutvikla med «Viking Lady» i 2015.

– Me er takksame for både Wärtsilä og NCE Maritime CleanTech, som har gjort dette viktige og progressive samarbeidet mogleg, seier Vermund Hjelland, teknisk direktør i Eidesvik Offshore i pressemeldinga.

 

- Annonse -