Den afghanske familien som var i kyrkjeasyl i kyrkjelyden Nytt Liv i Fitjar er no i kyrkjeasyl i Hønefoss. Foto: privat
- Annonse -

Spesialeininga for politisaker har framleis ikkje konkludert om politiet brukte unødig mykje makt under aksjonen mot den afghanske familien som sat i kyrkjeasyl i Fitjar for snart to år sidan.

Politiaksjonen mot den afghanske familien i Fitjar i februar 2018 hausta kritikk frå fleire hald.

Saka har vore løfta opp til Stortinget, og pastor Frank Håvik i kyrkjelyden Nytt Liv, som husa familien på Fitjar, har i skarpe ordlag kritisert politiet for brutaliteten under aksjonen.

For eitt år sidan blei Politiets utlendingseining politimeldt av Håvik i Nytt Liv for måten aksjonen vart gjennomført på.

– Eg reagerer først og framst på brutaliteten i det som skjedde. Det var tre små barn i lokalet. Likevel knuste politiet seg inn, sa pastor Frank Håvik, forstandar i Nytt Liv, til NRK.

I juni i år skreiv Stord24 at saka var ferdig etterforska, og låg på bordet til Spesialeininga for politisaker i Hamar. Då sa juridisk rådgjevar, Rune Fossum, at det ville gå nokre veker før dei ville kome til ein konklusjon.

- Annonse -

No, snart eit halvt år seinare, har Spesialeininga framleis ikkje konkludert i saka.

– Saka er framleis ikkje ferdig. Det skuldast at det er dukka opp ein ny episode me må sjå på i saka. Difor har det blitt forsinka, seier Fossum.

Han fortel at den andre episoden også handlar om den afghanske familien.

– Det gjeld den same familien, men skjedde fleire dagar etterpå etter at dei blei frakta vekk frå Fitjar. Det blir som ein slags del to av saka.

Han fortel at Spesialeininga har fått ein forklaring frå familien om kva som skal ha skjedd, men ønskjer ikkje gå i detalj kva den nye episoden handlar om.

– Er dette ei krevjande sak å etterforske?

– Saka er litt meir spesiell enn ellers, det er på det reine. Me har relativt få tilsvarande saker, og det er jo det som gjer det meir spesielt.

– Vil denne saka kunne få betydning for korleis politiet handterer uttransporteringssaker i framtida?

– Det må jo vurderast frå sak til sak. Det er veldig vanskeleg å seie noko generelt om det. Det er alltid forskjellige faktum i alle saker, så heilt likt vil det aldri vere, seier Fossum.

- Annonse -