Bygget på Saghaugen kan bli barneskule. Foto: Hordaland fylkeskommune
- Annonse -

Fylkeskommunen er positive til å flytte ut frå dagens avdeling på Saghaugen, og overlate bygninga til Stord kommune.

I sommar har ordførar Gaute Epland (Ap) sendt ein førespurnad til Hordaland fylkeskommunen om utvikling av skulestrukturen i sentrum.

– Det kan vere av interesse for Stord kommune å vurdere bygningsmassen til Stord vidaregåande skule på Saghaugen som framtidig lokalitet for barneskule i Leirvik skulekrins, skriv Epland.

Gammalt bygg

Han begrunnar dette med at det er lite moglegheiter for å gjere utbetringar i dagens Leirvik skule.

– Dagens Leirvik skule er i eit gamalt bygg og har lite uteområde. Skulen har lite utvidingsmogelegheiter og det er trong for å gjennomføra trafikksikringstiltak. For kommunen vil det også vere av interesse at Hordaland fylkeskommune utviklar og
samordnar den vidaregåande skulen på Stord.

Fylkesdirektør for opplæring i Hordaland fylkeskommune, Svein Heggheim, fortel at dei har møter både med politisk og administrativ leiing i Stord kommune om saka dei siste månadane. Han ser på utspelet som interessant.

- Annonse -

– Planane om å ruste opp Vabakkjen og modernisere bygget ligg jo til grunn for dette. Samlokalisering har jo også vore eit tema tidlegare. Det er jo ein geografisk avstand mellom Saghaugen og Vabakkjen, og når utspelet kom frå Stord kommune syntes me det var interessant og sjå på.

Svein Heggheim i Hordaland fylkeskommune er positiv til eit sal.

Positivt med samlokalisering

– Er de positive til eit sal, dersom kommunen vel å gå inn for eit kjøp?

– For oss vil det sjølvsagt vere positive moment å samlokalisere på Vabakkjen og få alt samla på ein stad. Og ikkje minst få nyare standard på heile skulen.

– No må me sjå på kor hensiktsmessig Stord kommune finn at lokala er. Dette er jo bygd som ein vidaregåande skule, så det er eitt moment. Det andre er nok prisen.

Stord vidaregåande skule planlegg å pusse opp kraftig på Vabakkjen, og i praksis bygge ein heilt ny skule, for 250 millionar kroner.

– Skal ein flytte alt vil det så klart koste pengar. Det vil også vere eit spørsmål om framdrift. Eg vil anta at dette vil påverke heile prosjektet, som opphavleg er planlagt til 2022.