Foto: Politiet
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Vogntoget som køyrde i grøfta ved Lykling på Bømlo onsdag, gjer at den sørlege delen av Bømlo er isolert, og må bruke ferja til Sveio som omkøyring.

I går køyrde eit vogntog lasta med 18,5 tonn laks ved Lykling på Bømlo.

Sjølv om hendinga ikkje var dramatisk, så har bergingsmannskapet store utfordringar med å få vogntoget opp av grøfta. Torsdag føremiddag står vogntoget framleis i grøfta, og sperrar den smale vegen for trafikk.

– I natt vart det bestemt at vogntoget var altfor tungt til å kunne løftast opp av grøfta. Og det er ein reell fare for at heile lastebilen kan velte, seier Ronny Sleire ved Vegtrafikksentralen på Vestlandet til NRK.

Som ein følgje av den tunge lasta vart det bestemt at lastebilen måtte tømmast. 18,5 tonn laks blir dermed fraklta ut av lastebilen for hand. Det vil ta si tid.

– Me har venta på mannskap til denne jobben i morgontimane. No er jobben i gang, men det vil ta veldig mange timar. Her må laks for laks fjernast. Me kan difor ikkje seie kva tid vegen vil opne igjen, seier Sleire.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Det skapar store utfordringar for dei som bur sør på Bømlo. Sidan vegen er stengt må dei som bur i Langevåg og andre område sør på Bømlo bruke ferja til Sveio som omkøyring. Det betyr at dei må rekne å bruke om lag to timar på å kome seg til kommunesenteret Bremnes.

Dette har ført til at mange ikkje har kome seg på jobb torsdag. Ein skule har måtta stenge som følgje av at vegen er sperra.

– Dette har eeg aldri opplevd tidlegare, seier rektor Margrethe Eide ved Hillestveit skule til statskanalen.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -