Illustrasjonsfoto: Politiet
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Eit litausk vogntog fullasta med laks frå køyrde i grøfta ved Lykling på Bømlo.

Det var i 15.30-tida onsdag at vogntoget velta på fylkesveg 541 ved Lykling på Bømlo.

Politiet melder at et ikkje er snakk om personskade, og mindre materielle skader på trailaren.

– Det er ein trailer med fisk om har velta og som no står delvis ut i vegen, opplyser operasjonsleiar Toralv Skårland i Sørvest politidistrikt til BT.

Det var ikkje andre køyretøy involvert i ulukka. Det skal heller ikkje vere nokre trafikale problem på ulukkesområdet.

Politiet opplyser overfor Bømlo-Nytt at det ligg an til å bli ei utfordrande jobb å få fjerna vogntoget. Det er ikkje klart om det vil bli naudsynt å fjerne heile lasta på 18,5 tonn laks ut av vogntoget før bilen kan bli berga opp igjen på vegen.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Vogntoget høyrer heime i Litauen.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -