Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Ein trailer sklei ut av E39 ved Grov. Føraren skal ikkje vere skadd.

Like før klokka 9 torsdag morgon melde Vegtrafikksentralen om at eit vogntog var køyrt ut av vegen ved Grov på Stord.

– Føraren framstår som uskadd, vert det sagt akkurat no, seier operasjonsleiar Helene Strand i Sørvest politidistrikt.

Foto: Jonas Sætre/Stord24

Ho fortel at hengaren på trailaren velta etter utforkøyringen.

– Eg forstår det slik at han har sklidd ut i drøfta og fått sleng på hengaren. Hengaren har så velta, og det er blitt skade på autovern, seier ho.

Politiet opplyser at dei oppretter sak etter hendinga. Det skal ikkje vere mistanke om ruskøyring.

- Annonse -

Vegen vart opna for normal trafikk kort tid etter hendinga. Vegtrafikksentralen ber folk som ferdast på vegen vere obs på ulukka.

Har du bilete frå ulukka? Send til redaksjonen@stord24.no.

- Annonse -