Onar Westerheim held framleis stor fart. Her på plass i Nederland. Foto: Privat.
- Annonse -

Under allround-VM på skeiser denne helga gjekk Onar Westerheim heilt til topps i klassen sin etter fire sterke løp.

Av: Kjetil Rydland, Fitjarposten

Onar var ein av fire førehandsfavorittar føre verdsmeisterskapet, som blei avvikla i Bjugnhallen i Trøndelag. Han visste at formen var bra etter sølvmedaljen i sprint-VM for to veker sidan, og då distansane blei litt lengre, var det ingen som kunne truga den spreke pensjonisten frå Selevik-krinsen.

Etter siger på 500 og 1000 meter, og fjerdeplass på 1500 meter, låg Onar klart i teten føre dagens 3000 meter. Og her hadde vår mann god kontroll på nestemann i samandraget, nederlendaren Leo Scoenmeijer. Med 5.04,05 lét han seg ikkje slå med meir enn sju hundredelar av Schoenmeijer, og dermed kunne Onar segla inn til ein klar samanlagtsiger i klassen 70-75 år.

Også Harald Westerheim gjorde det godt denne gongen, sjølv om verken 5000 eller 10 000 meter stod på programmet. Som kjent er storebror Westerheim ein utprega langdistanseløpar med den beste 10 000 meter-tida av dei to, og han slit med å koma seg under 50 sekund på 500 meter. Men ein solid serie med fjerdeplass på 3000 meter som best, blei det ein sterk sjuandeplass på milslukaren frå Westerheim.

Dei to Westerheim-brørne hadde reisefølgje av Jan Henriksen frå Stord, som klarte ein sterk femteplass i klassen 75 +. Han fekk tredjeplass på 500 meter med 50,27 som si beste plassering. Denne gongen var òg «ungdommen» Kjell Håvard Belsvik med på tur. Han kom på sjetteplass i klassen 50 + etter fire imponerande løp. Serien 43,35, 2.11,21, 4.39,36 og 8.00,88 lar seg så absolutt høyra, men han møtte tre svært skarpskodde nederlendarar i klassen sin, i tillegg til ein tyskar og nordmannen Kjell Aalberg.

- Annonse -

Me gratulerer alle fire med den sterke innsatsen. Etter det me høyrer, var det ingen bismak på medaljen til Onar denne gongen. Og han ser allereie fram mot neste sesong, og meisterskap på den canadiske rekordisen i Calgary.

- Annonse -