Amfi stord. Foto: Thon Eiendom
- Annonse -

Fem personar mister jobbane sine etter at det er klart at Vita-butikken på Amfi Stord ikkje får halde fram drifta.

Førre veke råka ein ny stor varehandelskonkurs den norske handelsbransjen. Eigarane av Cosmetic Group, som driv Vita-kjeda, gjekk konkurs.

Etter meldinga kom har det vore stor usikkerheit knytt til kor mange butikkar som vil bli redda. No er det klart at butikken på Stord diverre ikkje er blant dei som overlever. Det melder nettstaden E24.

– No for me ut av heile systemet her. Det er kjempetrist. Eg kjenner at det er hjarteskjerande med dei tilsette som står utan jobb no så kort tid før jul. Det er skikkeleg ufortent, seier dagleg leiar for Vita-butikken på Amfi Stord, Hanne Klæhaug.

– Det er vanskelege tider for oss alle no.

Ho fortel at det er fem tilsette ved butikken som no mister jobbane sine. Alle på deltid.

- Annonse -

Då Stord24 snakka med Klæhaug måndag i førre veke var ho optimist og hadde tru på vidare drift. Etter dette har det vore mange beskjeder fram og tilbake.

– Me hadde eigentleg ikkje venta dette. Det er jo alltid eit håp når det er forhandlingar ute og går. Dei sa i utgangspunktet at dei ville halde fram drifta på nesten halvparten av butikkane, og på fredag fekk alle butikkane mellom Bergen og Stavanger beskjed om at me ikkje skulle få vere med vidare, utanom Husnes. Så fekk me kontrabeskjed om at det likevel var forhandlingar.

I går kom likevel den trasige beskjeden om at butikkane på Amfi Stord og Amanda-senteret i Haugesund blir avvikla.

– Butikken vil i utgangspunktet halde ope til 16. oktober så lenge det ikkje kjem nokre nye beskjedar, seier ho..

– Finst det eit håp om at butikken kan bli redda i siste liten?

– For Stord sin del tenkjer eg nok at løpet no er køyrt.

Klæhaug er også butikksjef for Vita på Karmøy, og vil halde fram i den jobben så lenge den butikken vil bli halden open.

– Stord har vore litt ekstrajobb for meg, og eg har berre vore butikkleiar her i ein månad. Så eg håper at eg iallfall har jobb på Karmøy. Viss ikkje veit eg ikkje kva eg skal gjere på. Så eg ventar i spenning.

- Annonse -