Kjeda gjekk konkurs måndag,. No håper franchisetakar på kontrakt med ny kjede-eigar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
- Annonse -

Jotunfjell Partners har kjøpt buet etter Cosmetic Group-konkursen.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy, Midtsiden

Måndag blei det kjent at Cosmetic Group, eigar av 207 Vita-butikkar og 23 Loco-butikkar, er konkurs.

Vita på AMFI Stord er blant fleire som heldt fram med å halda ope, i tråd med oppmoding frå bustyrar.

Ny eigar legg ned Loco

Det er Jotunfjell Partners som har kjøpt buet etter dei to kosmetikk-kjedane, melder E24.

Dei har spesialisert seg på varehandel og restrukturering i handelsbransjen, og eig blant anna Gullfunn, Elite Foto og Rygge Flyplass.

- Annonse -

I september i fjor overtok dei Enklere Liv, og reduserte i januar frå 65 til 40 butikkar.

E24, som oppdaterer saken om Vita og Loco, seier at Jotunfjell vil legga ned Loco-butikkane, og at konkursutsal vil starta omgåande.

Dei vil driva flest mogleg Vita-butikkar vidare. Kva butikkar det blir er foreløpig uvisst.


- Annonse -