Foto: Kværner
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Bustadutviklingsselskapet Selvaag Bolig ønskjer å kvitte seg med den svære eigedommen ved Kværner sitt verft på Stord.

Det er DN som onsdag fortalde den spesielle historia om korleis eit bustadkonsern i Oslo enda opp med å eige store deler av eigedommen der Kværner Stord held til.

Eigedommen er på totalt 142 mål og innbefattar 30.000 kvadratmeter med bygningar, inkludert administrasjonsbygningen på Bleikjehaugen og ein vesentleg del av Kjøtteinståa.

Bakgrunnen er at Oslo-baserte Selvaag Bolig fusjonerte med Hansa Property Group i 2011. Med på kjøpet fekk dei då store eigardeler i selskapet Stord Industribygg, som eig store deler av arealet der Kværner Stord held til.

– Skal ikkje drive med verft

Administrerande direktør i Selvaag Bolig, Baard Schumann fortel til avisa at bakgrunnen for at Hansa Property Group kjøpte seg inn i si tid var at dei snuste på å bygge ut bustadar i området dersom aktiviteten på verftet skulle bli redusert.

- Annonse -
- Annonse -

Sjølv om Stord Industribygg AS har gått med bra overskot dei siste åra, er Schumann tydeleg på at dette ikkje er ein eigedom han har lyst på.

Administrerande direktøri Selvaag Bolig, Baard Schumann.

– Me tener pengar på det, men me skal ikkje drive med verft. Så dersom nokon av DNs lesarar har lyst på eit verft, så skal dei få kjøpe det, seier Schumann.

Schumann stadfester overfor Stord24 at bakgrunnen for at Hansa Property Group kjøpte seg inn i eigedommen i 2008 var fordi dei spekulerte i at dersom Kværner skulle kome til å leggje ned, ville dei då sitje på ei gullgruve.

– Bakgrunnen var nok på eit tidspunkt at dei ville vere klare til utbygging dersom verftet skulle stenge. Men no er det jo stor aktivitet og kjem til å vere det i mange år framover.

- Annonse -

Frir til lokale aktørar

No varslar Schumann at dei vil ta eigedommen ut på marknaden, og han kjem med same oppmoding til Stord24 sine lesarar.

– Me har ikkje gjort noko konkret for å få eigedommen ut på marknaden enno, men me vil nok vere meir aktiv framover. Er det ein lokal aktør på Stord som kan vere interessert så er det berre å ta kontakt, seier Schumann som ikkje ønskjer å gi noko prisantydning på eigedommen.

Selvaag Bolig eig i dag 66 prosent og Kværner eig dei resterande 34 prosentane av Stord Industribygg AS.

Vurderer leigeavtala

Kommunikasjonssjef i Kværner, Odd Naustdal, vil ikkje seie om det er aktuelt for Kværner å kjøpe seg opp i eigedomsselskapet.

– Akkurat dette veit eg ikkje om eg ønskjer å seie så mykje om. Me har ein leigeavtale og gjer heile tida ei vurdering av kva avtale som gir oss mest mogleg optimal drift av aktivitetane våre. Kva vurderingar me måtte gjere kan eg ikkje uttale meg om, seier Naustdal.

Stord Industribygg enda opp med eit minusresultat på 750.000 kroner før skatt i 2016. Dei to føregåande åra var langt betre, med eit resultat på 12,4 millionar i 2014 og 3,6 millionar i 2015.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -