Harald Rydland i Fitjar KrF. Foto: Kjetil Rydland.
- Annonse -

Om rett over tre månadar er det nok ein gong tid for kommuneval. I Fitjar stiller 5 lister til val, og me har stilt 6 spørsmål til alle førstekandidatane. Først ut er Harald Rydland, ordførarkandidat i Kristeleg Folkeparti. 

Av: Ingrid Hovstad

– Kva er dine viktigaste kampsaker for den komande kommunestyreperioden?

Slik eg ser det, er det ikkje dei heilt store kampsakene som skil dei politiske partia i Fitjar ved dette valet. Fitjar kommune løyser jobben den er sett til på ein god måte, men det er alltid noko me kan få til av nye positive tiltak og smarte løysingar.

For meg er det viktig å arbeida for at Fitjar skal vera ein kommune som er attraktiv for unge familiar å busetja seg i. Viss ikkje me får det til, har ikkje Fitjar som kommune og lokalsamfunn noko framtid. Oppskrifta på dette er å finna gode løysingar på fire lokale berekraftmål: Gode plassar å bu, gode arbeidsplassar og rikt næringsliv, gode offentlege tenester og tilbod, og gode tilbod når det gjeld kultur og fritid.

– I fjor vart det ein hard kamp om grendaskulane. Er det aktuelt å vurdera nedlegginga av dei to grendaskulane på ny om budsjettet ikkje strekk til?

- Annonse -
- Annonse -

Kommunen må ha ein sunn og berekraftig økonomi. Her spelar mange faktorar inn som me politikarar ikkje har kontroll over. Difor kan eg som politikar aldri gje absolutte garantiar for å oppretthalda eit kvart tilbod som krev økonomisk utteljing.

Når det gjeld grendaskulane meiner eg dei har stor verdi i seg sjølv, m.a. for å fremja trivsel og utvikling i fleire deler av kommunen. Dersom me må vurdera endringar av skulestrukturen må me sjå langt fram og ikkje gjera vedtak i panikk for at det kan vera litt uvisse om kommuneøkonomien nokre få år framover. Utviklinga når det gjeld elevgrunnlaget på grendaskulane må sjølvsagt og takast med i vurderinga her. Eg trur det er godt engasjement både i Dåfjorden og Øvrebygda til å arbeida for ei positiv utvikling i desse grendene.

Elles meiner eg at dei avgjerdene som me meiner er uheldige og helst ikkje vil ta, bør me venta med å ta til me er sikker på at det er einaste utveg.

– Kommunesamanslåing var ogso eit heit tema i denne kommunestyreperioden, burde Fitjarbuen takka ja til Stord når dei hadde sjansen?

- Annonse -

Eg meiner framleis at det var rett av folket i Fitjar å seia nei til kommunesamanslåing med Stord åleine. Dersom det på nytt skulle verta teke opp sak om kommunesamanslåing, bør me få fleire kommunar med. Når den tid evt. måtte komma kan Fitjar KrF vera med å sjå nærare på dette.

– Når me er inne på̊ samanslåing, kjem det til å påverka Fitjar at Hordaland og Sogn og Fjordane har blitt til Vestland fylke?

Me ser alt tendensar til at Fitjar og Sunnhordland kan verta gløymt i det nye Vestland fylke. Dette er ikkje overraskande. Den nordre delen av det nye fylket er ikkje så tettfolka som Bergen og den søre delen. Då er det å venta at nordre delen vert tilgodesett med ekstra merksemd som ei påskjønning for at dei gjekk inn for samanslåing. I denne runden med lokalisering av funksjonar er eg redd for at Sunnhordland sine ynskje vert sett til side.

Eit anna moment er at Fitjar og Sunnhordland på mange områder er knytt til Rogaland når det gjeld offentlege tenester, særleg der staten har ansvar. Dette gjer at me får ei lausare tilknyting til Vestland fylke enn kommunane nord for oss.

– Me kjem ikkje unna litt vindmølleprat. Har me nok vindmøller i Fitjarfjellet no?

Eg og Fitjar KrF har alt gjort greie for at me meiner det er nok vindmøller i Fitjarfjellet no. Me har framleis tru på at vindkraft på land har noko for seg, men folket i Fitjar har teke sin del av ansvaret ved at me har teke i mot ein av dei største vindparkane som så langt er bygd her i landet.

– Fitjar kommune legg for tida ned mykje arbeid i å laga kommuneplanen sin samfunnsdel. Kva vert Fitjar sine utfordringane dei neste 20 åra?

Eg meiner Fitjar sine utfordringar framover skal ha eit positivt utgangspunkt. Me skal ikkje kjempa mot stagnasjon og nedgang, men for utvikling og vekst. Fitjar har det aller meste som skal til for å vera eit attraktivt lokalsamfunn dei neste 20 åra. Alt no ser me ei positiv utvikling ved at unge familiar vel å busetja seg i Fitjar. Greier me å få dette til å halda fram, skal Fitjar vera ein god stad å bu for folk i alle aldrar dei neste 20 åra og langt utover det. Det er dette eg har lyst til å bruka engasjement og handlekrafta mi på om eg skulle verta ordførar.

- Annonse -