Geir Martin Økland er styreleiar i Stord Kristne Skule. Foto: privat
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Geir Martin Økland i Stord Kristne Skule klagar til fylkesmannen etter at politikarar brukte ideologiske argument då dei røysta nei til byggesøknaden om etablering av skulen.

Under siste kommunestyre før sommaren blei det klart at Stord Kristne Skule fekk sitt tredje avslag frå Stord-politikarane, etter to tidlegare rundar i forvaltningsstyret.

I alle tre handsamingane kom avslaget etter hårfin margin. 17 av politikarane i kommunestyret røysta for, og 18 i mot.

Som Stord24 skreiv i saka, så var det sterke reaksjonar i salen på at MDG-representanten John Tonnessen sa at han ville røysta nei til dispensasjonssøknaden som ei protestrøyst på bakgrunn av at politikarane ikkje fekk høve til å diskutere dei prinsipielle sidene ved saka.

Protestrøyst

No har styreleiar i Stord Kristne Skule, Geir Martin Økland klaga vedtaket inn til fylkesmannen. Eit av hovudargumenta han vil bruke er nettopp det at nokre av politikarane ikkje haldt seg til saka som ei rein byggjesak.

- Annonse -

– Eg meiner i høgste grad at dei ikkje har halde seg til saksgrunnlaget. Me har fått avslaget på grunn av at ein politikarar har røysta utifå ideologisk grunnlag. Og på grunn av ei protesrøyst. Dette vil eg fokusere på i eit følgjebrev eg no skal sende til fylkesmannen, fortel Økland.

Torbjørn Brosvik (Krf) til høgre, meinte tilhøva ved Podlen-bygget er gode nok til å etablere skule. Foto: Jonas Sætre/Stord24

I eit brev til Økland opplyser fylkesmannen på generelt grunnlag at det den kommunale sjølvråderetten står sterkt, og at det skal noko til å gjere om eit vedtak som byggjer på ei rein skjønsvurdering. Men Økland meiner politikarane si tilnærming i saka ikkje berre går på skjøn, men ideologi.

– I kommunestyresalen kom det tydeleg fram at vedtaket ikkje berre var gjort på bakgrunn av skjøn basert på byggjelova. Tonnessen i MDG sa rett ut at han ikkje røysta på bakgrunn av dette, noko som viser at han si røyst hadde ingenting med byggesaka å gjere, men har vore ei politisk protestrøyst, sier Økland.

Han trekkjer fram Silje Vatna (Sp) sitt innlegg om politisk press i saka. Vatna sa i innlegget sitt at uønskt telefonpress i saka var ein av tinga som gjorde at ho bestemte seg for å røyste i mot.

– Eg blir overraska viss dei ikkje reagerer på dette, for politikarane er jo folkevalde og dei skal ikkje drive med andre ting enn det saka seier dei skal gjere. Viss ikkje dette gjer at fylkesmannen reagerer stiller eg spørsmål ved demokratiet i landet vårt.

Gir ikkje opp

Det begynner å haste veldig for leiinga ved skulen med tanke på oppstart til hausten. Sakshandsaminga til fylkesmannen er normalt på tre månadar, noko som vil vere for seint, men Økland har spurt om dei kan hurtighandsame saka.

– Me har ikkje gitt opp, sjølv om sjansen blir mindre og tynnare. Det ser ut som me er innanfor kriteria for at dette blir ei hastesak. Då vil me sannsynlegvis gå for oppstart til hausten dersom fylkesmannen seier ja.

– Korleis kjennes det å få tre hårfine avslag på rad av Stord-politikarane?

– Nei, kva skal eg seie. Det blir jo litt slag i ansiktet, men på den andre sida så er det ei glede og eit pågangsmot som ligg i botn at eg kjenner på oppdrifta av å fighte vidare.

Fylkesmannen i Hordaland opplyser til Stord24 at det er for tidleg for dei å kommentere saka, då dei nettopp har fått den oversendt frå kommunen.

- Annonse -