Stortingsrepresentant Magne Rommetveit (Ap) Foto: Bernt Sønvisen/Troms Arbeiderparti
- Annonse -

Tidlegare Stord-ordførar Magne Rommetveit reagerer på at lokalpolitikarar i kommunestyret snakkar ned Stord som by.

Stord24 skreiv i går om bydebatten i førre møte i kommunestyret, som handla om ein skulle omdøme Forvaltningsstyret til «Komité for byutvikling».

Fleire politikar gjorde det klart at dei såg det som unaturleg å omtale Stord som ein by. Det reagerer stortingspolitikar Magne Rommetveit (Ap) på, som med godvilje kan kallast grunnleggjaren av byen Stord, då han var ordførar under byvedtaket i 1997.

– Kva som er namnet på ein komité er ikkje så viktig, men det må ikkje reisast tvil om at Stord er by, og då gjeld det heile kommunen, med Sagvåg som beste vestkant. Byen mellom Bergen og Haugesund, og regionsenteret i Sunnhordland, skriv Rommetveit i ein kommentar.

Har alle by-funksjonane

Rommetveit meiner Stord har alt som trengs av funksjonar for å kunne kalle seg ein by.

– Me har alle dei funksjonane som ein forbind med byar, og det er funksjonar som me må hegna om i desse sentraliseringstider. Dessutan er Stord den største nynorskbyen i verda. Kvifor skal bokmålet ha hegemoni på byane?

- Annonse -

Han har ikkje noko til overs for kommentaren frå Randi Nysæter (KrF), som uttalte at ho drar på smilebandet kvar gong Stord vert omtala som by.

– Viss det er nokon som skjemst over at dei bur i ein bykommune som også har bydelar og bygder, ja så får dei heller skjemmast.

Ordførarkandidat Øyvind Kyvik. Foto: Stord Høgre

– Me er ein bykommune

Ordførarkandidat for Høgre, Øyvind Kyvik, skrev i spørsmålsrunden Stord24 stiller ordførarkandidatane at han vil utvikle Stord til ein moderne bykommune.

– Diskusjonen om Stord er by eller ikkje blei gjennomført i 1997. Så det må me legge bak oss og rette blikket framover. Fokuset framover må vera korleis me skal styrke og utvikle Stord som den bykommunen me faktisk er, seier Kyvik.

Han meiner det ikkje er noko motsetnad å drive byutvikling samtidig som ein har auke for dei landlege kvalitetane på Stord.

– Sjølv om me er ein bykommune skal me ha gode bydelar med både landbruk, skog og gode rekreasjonsområde til innbyggjarane.

– Har vakse opp med Stord som by

Geir Angeltveit (V), som argumenterte for namnet «Komité for byutvikling» under kommunestyredebatten, meiner heller ikkje det er unaturleg å omtale Stord som by også i daglegtalen.

– Eg har vekse opp med Stord som by og eg vil utvikla Stord, heile kystbyen vår. Til ei perle i vest. Og eg vil utvikla heile byen, om det er bydel Huglo eller Sagvåg.

Han viser til at Stord vert omtalt som by i ei rekkje plandokument.

– Me er kystbyen Stord, kristtornbyen, sykkelbyen, nynorskhovudstaden og Regionsenter med stord R i Sunnhordland.

- Annonse -