Stor jubel hos Visit Sunnhordland! melder Samarbeidsrådet for Sunnhordland.
Hordaland Fylkeskommune har løyvd kr. 924.000 kroner til produktutvikling av reiselivssatsinga i Sunnhordland.
– Visit Sunnhordland skal saman med reiselivsnæringa utvikla fleire nye og spanande produkt. I prosjektet «Deltakardriven produktutvikling» vil vikinghistorie, religionshistorie, kortreist mat, geologi og kystperleriket vere sentralt, opplyser Visit Sunnhordland.
Målet med prosjektet er å gjera Sunnhordland som region enda meir attraktiv og synleg for tilreisande og fastbuande.
– Me gler oss til å jobbe med eksisterande produkt for reiselivsnæringa, samt utvikle nye spanande tiltak som gagnar reiselivet og regionen, seier ein entusiastisk prosjektleiar i Visit Sunnhordland, Bodil Haga.
Ho fortel at Visit Sunnhordland dei siste åra har hatt eit særleg fokus på utvikling av sykkel og vandring.
– Gjennom desse prosjekta har ein utvikla mange flotte turar i regionen, i overgangen mellom fjell og fjord, fortel Haga.