Vinmonopolet på Amfi Stord. Foto: Wikimedia Commons
- Annonse -

På landsbasis er det berre ti kommunar som har bestemt at Vinmonopolet skal halde stengt på årets valdag. Polet på Amfi Stord er eitt av dei.

Sidan 2015 har det vore opp til kommunane å bestemme om polutsala skal vere ope på valdagen.

Det overveldande fleirtalet av kommunane har i år gjort vedtak om å halde ope polutsalet denne dagen. Men ti kommunar har sjølv bestemt å stenge Vinmonopolet. Ein av desse er Stord.

NTB skriv at sju av dei ti kommunane med stengt polsal ligg langs kyststripa frå Randaberg til Lindås.

Tromsø er den einaste av dei større byane som har forbod mot alkoholsal i dag.

- Annonse -