Kommunen vil selje gamle bussterminalen i Leirvik sentrum til Fronta, men dei er ikkje lenger interesserte. Foto: Google Maps
- Annonse -

Kommunen ville legge til rette for ny taxisentral for Stord Taxi ved den gamle bussterminalen, men no ser det ut som sentralen blir verande på kaien.

Onsdag gjekk politikarane i næring-, miljø-, og kulturkomiteen inn for å selje terminalbygget ved den gamle busstasjonen utanfor rådhuset.

Bakgrunnen for salet er at Fronta sendte ein førespurnad til kommunen i januar i år om å få kjøpet bygget, i samband med flytting av taxisentralen til Stord Taxi frå Nattrutekaien, som Kurt Arne Tyse og Thore Liverød skal bygge om til parkeringshus.

Kurt Arne Tyse. Foto: Fronta

Men det politiske vedtaket kjem alt for seint, opplyser Tyse.

– Dei har brukt så lang tid at eg tvilar på at me er interessert i kjøpe. Det er mange månadar sidan me tok kontakt. Kommunen brukar alt for lang tid på beslutningar. No har me lagt andre kabalar for å få ting til å gå i hop, seier Tyse.

Han fortel at det ligg an til at taxisentralen kjem til å verande på Nattrutekaien på noverande tidspunkt.

- Annonse -

– Det ser ut som dei kjem til å bli verande der nede. Me nærmar oss ei semje om at sentralen flyttar inn i 2. etasje rett over gata, ved sidan av Sunnhordland Trafikkopplæring.

Tyse og Liverød har som kjent nyleg sikra seg dette bygget, som dei ønskjer å rive for å bygge hotell.

– Det tek jo eit år eller to med regulering på tomta, så i mellomtida kan taxisentralen vere her.

- Annonse -