Aktor Tore Kulstad (t.h.) hadde med seg politibetjent Erik Helland, som var med å avhøyre tiltalte i fjor. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Den overgrepssikta 51-åringen forklarte at han mistenkte dottera for å ha forgifta han.

Aktor Tore Kulstad hadde tysdag med politioverbetjent Eirik Helland då han haldt fram utspørringa av den overgrepstiltalte 51-åringen, som er sikta for grov valdtekt mot dottera gjennom mange år, samt vald og drapstrugslar mot familien sin.

Helland var ein av dei som gjennomførte politiavhøyra av tiltalte i fjor. Og akkurat som i går var opplysningane tiltalte har kome med i politiavhøyra sentrale i krysseksamineringa i retten.

Ville politimelde dottera

I politiavhøyra fortalte mannen at han tidlegare har vurdert å politimelde si eiga dotter for drapsforsøk, valdtektsforsøk og vald.

– Først ville eg melde ho for drapsforsøk. Då eg var på besøk hos ho ein gong vakna eg med masse smerter i magen, etter at eg hadde drukke vodka og Fanta kvelden før. Eg kasta opp blod og hadde blod i avføringa. Då tenkte eg at ho hadde forgifta meg, forklarte han.

– Kvifor skulle ho ønske å drepe deg?

- Annonse -
- Annonse -

– I perioder har eg sagt at eg skulle setje livsforsikringa mi på ho. Dersom det skulle skje noko med meg skulle pengane gå til ho.

– Det var eit økonomisk motiv for at ho ville drepe deg?

– Økonomisk, og når det gjeld dette med at ho ikkje fekk vere med gutar. Men eg kan ikkje seie sikkert at det var ho som gjorde det, så lenge eg ikkje har bevis så kan eg ikkje vite det.

– Gud skal straffe ho

Han fortalte også at han ville politimelde dottera for valdtektsforsøk i samband med eit seksuelt overgrep som skal ha skjedd på dottera sin studenthybel. Bakgrunnen er at han ved dette høvet drakk så mykje alkohol at han ikkje hugsa noko og meinte han umogleg kunne gjennomføre eit samleie. Han meinte det difor må ha vore dottera som måtte ha teke intiativ til det seksuelle samveret.

I tillegg ville han politimelde dottera for lekamsskading, og forklarte dette med at han han skal ha fått ei skade i samband med at dottera hoppa på magen hans då han låg i senga.

Men ingen av desse politimeldingane vart gjennomført. I eit av avhøyra har han sagt at han ville trekkje forholda fordi han ønskjer at Gud skal straffe dottera og ikkje politiet.

Skype-samtale sentralt bevis

Aktor presenterte også eit sentralt bevis i saka. Det var ei Skype-samtale som dottera hadde med faren etter at ho politimelde han i fjor, og før mannen vart arrestert.

Det vart gjennomført opptak av denne samtala. I samtala sa dottera til faren at han hadde hatt sex med ho mot hennar vilje sidan ho var liten. Då svarte faren mellom anna «ja, eg er sjuk. Eg er sjuk. Eg er den verste som gud har skapt. Eg er ikkje ein gong skapt av gud, eg er skapt av djevelen».

Tiltalte forklarte i retten dette svaret med at det var ein form for sarkasme.

Forsvararen til tiltalte, Trond Gjelde, spurte tiltalte kvifor han trudde politiet fekk dottera til å gjennomføre samtalen og ta opptak av den.

– Det er sikkert for å samle bevis. Korleis dei har fått høve til å gjere eit slikt lydopptak stiller eg eit stort spørsmål ved, sa tiltalte.

- Annonse -

– Det har du heilt rett i, sa forsararen og sa han ville gjere eit poeng ut av dette i prosedyren.

Ikkje samsvar med politiavhøyra

Aktor opplyste at 51-åringen i politiavhøyra nekta for at han har snakka om overgrepa med dottera på Skype og blei spurt om kvifor han ikkje sa noko om det.

– Eg vil ikkje gå ut med samtalane våre til politiet. Det er ein uskriven regel frå min kultur, at du som forelder ikkje snakkar om skit som handlar om borna dine, sa tiltalte.

– Det var for å beskytte ho?

– Ikkje berre for å beskytte ho, men også meg sjølv. Det er ein æressak.

Etter fleire liknande spørsmål om manglande samsvar mellom avhøyra og rettsforklaringa mista tiltalte til slutt tålmodet.

– Du driv med svartmaling, og kjem med dei samme spørsmåla igjen og igjen, sa 51-åringen.

– Eg forstår ikkje når du sit i politiavhøyra at du ikkje fortel om desse tinga?

– Når det gjeld meg og min familie så seier eg ikkje alt til politiet. Men dette er ein rettssak, og her er eg nødt til å forklare meg.

Vart arrestert med pistol

Tiltalte blei også spurt ut i retten om arrestasjonen i 2017. Då han blei arrestert hadde han på seg ei jakke der det låg eit handjern, ein kniv og ein pistol.

– Dette er ei jakke eg ikkje plar å ha på meg. Eg har den med meg når eg sit i kjellaren, og den heng ved sidan av meg når eg søv.

– Kvifor har du ei jakke med pistol og handjern i?

– Det er presse til stades her, så eg ønskjer ikkje å forklare meg om det. Men det er for beskyttelse. Men pistolen er ikkje for å drepe, det er for gassammunisjon.

– Har du vist pistolen til familien din?

– Ja, eg har til og med lært sambuaren min korleis å bruke den og lade den, i tilfelle det skulle vere innbrot.

- Annonse -