Personvern og brukarvilkår på Stord24

Stord24 tek personvern på alvor og ønskjer å vere så opne som mogleg med kundane våre om korleis me tek hand om dette. Her kan du lese kva informasjon me lagrar om deg, og kvifor me gjer det. Du kan også finne informasjon om korleis du kan få dine data sletta permanent.

I 2018 vart det innført nye personvernreglar i Norge, som følgje av nytt EU-direktiv.

Dette medfører at du som kunde har rett til å få vite kva informasjon om deg som vert lagra på nettet, korleis den vert nytta og korleis du kan få informasjonen sletta.

Generelle brukarvilkår for medlemskap på Stord24

Gjeldande vilkår er dei som til ein kvar tid står publisert på denne sida.

Medlemskap på Stord24 gir deg tilgang til alt innhald som blir publisert på Stord24 sine nettsider.

Medlemskap på Stord24 er per dags dato basert på «bestem din eigen pris»-prinsippet. Det betyr at brukaren sjølv har full råderett over størrelsen på beløpet som vert trekt kvar månad. Beløpet kan endrast frå månad til månad. Det er ingen bindingstid på medlemskapen.

Dersom det blir innført nye og faste prisar for medlemskap hos Stord24 vil dette bli annonsert på nettsida og informert om til alle registrerte brukarar via epost, seinast 1 månad før dei trer i kraft.

Medlemmer får tilgang til lesing/visning av alle artiklar, bilete, grafikk og anna innhald på Stord24. Det er ikkje høve til å dele dette innhaldet i elektronisk form, til dømes ved å legge ut skjermdump av artiklar på sosiale media. Framstilling av innhald til kommersielt bruk krev særskild avtale med Stord24. Unntaket er utskrift av papirkopi til eige bruk. Det vert elles vist til opphavsretten.

Dersom brukarnamn/passord eller medlemskapen til Stord24 blir misbrukt på nokon som helst måte, har Stord24 høve til å stenge tilgangen med umiddelbar verknad. Ved misbruk vert det ikkje gitt refusjon.

Personvernvilkår

Stord24 lagrar følgjande informasjon om deg frå du registrerer deg som medlem hos oss:

  • Namn
  • Epost
  • Ein kryptert versjon av passordet ditt (som me ikkje kan sjå)
  • Kva plattform og nettlesar du brukar når du les oss
  • Informasjon om dine kjøp hos Stord24

Det er Stord24 som står ansvarleg for all behandling av dine personvernopplysningar. Som brukar av nettstaden gir du samtykkje til at me kan lagre og bruke denne informasjonen.

Ingen av personopplysningane dine vil bli utlevert til eksterne aktørar.

Du kan til ein kvar tid slette all informasjon me lagrar om deg ved å slette din brukarkonto. Me vil då ikkje ha tilgang til informasjon om deg i ettertid.

Betaling

Stord24 nyttar selskapet Stripe som leverandør av betalingssystemet vårt. Det betyr at det er Stripe som handterer all kortinformasjon og andre detaljar rundt betalingane dine.

Stord24 kjem difor aldri til å registrere eller lagre betalingsinformasjonen din.

Her kan du lese meir om korleis Stripe ivaretek personopplysningar.