Øyvind Kyvik toppar Høgre-lista på Stord i samband med kommunevalet til hausten. Foto: Vindblikk
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Øyvind Kyvik i Stord Høgre, svarar på Stord24 sine fire spørsmål som me har stilt til alle ordførarkandidatane på Stord. 

– Kva er dine viktigaste kampsaker for den komande kommunestyreperioden?

– Stord Høgre sine hjartesaker er å rette opp att kommuneøkonomien og skape ein kommune i bærekraftig vekst. Stord Høgre vil vere ein aktiv pådrivar for utvikling og vekst gjennom å være ein Ja-kommune som framfor å setje kjeppar i hjula på nye initiativ, løftar fram og hjelper opp initiativtakarane anten dei vil skapa verdiar i form av næring, kultur eller frivillighet. Å skape ein inkluderande og trygg oppvekst for borna våre vil og vere eit stort fokus den kommande kommunestyreperioden.

  1. For å få dette til er det heilt essensielt viktig med ein robust, forutsigbar og god kommuneøkonomi. Slik situasjonen er no kan me vere på ROBEK innan 2021, som enkelt vil seie at me ikkje vil kunne gi innbyggjarane våre eit like godt, eller betre, tenestetilbod som i dag.
  2. Me må sørgje for at kommunen blir ein aktiv pådrivar for utvikling og vekst, samt legge til rette for nyetableringar og vidare vekst av eksisterande bedrifter. Høgre er partiet som veit at verdiar må skapast før dei kan fordelast!
  3. Når det gjeld oppvekst og utdanning skal me stå i førarsetet for ein mobbefri og inkluderande barnehage og skule. Me skal sikra at alle born frå låginntektsfamiliar skal få moglegheit til å delta på minst ein gratis fritidsaktivitet.

–  Stord kommune skal snart vedta ny kommuneplan. Kva trur du kjem til å bli Stord sine største utfordringar dei neste 20 åra?

– Stord er i dag den kommunen som har størst prosentvis andel innbyggjarar som jobbar inn mot oljerelaterte verksemder. Dette gir oss eit fantastisk moglegheit til å ta i bruk denne kompetansen inn mot nye vekstsegment som for eksempel havvind og maritim sektor.

Det som då blir viktig for oss som kommune er å leggje til rette for nye næringsareal langs sjøen. Det vil kunne vere alt frå vindmølleproduksjon til fleire fiskeoppdrett. Det er også begynt å minke på næringsareal generelt i kommunen. Det er ei utfordring me må løfte inn i arbeidet med ny kommuneplan.

- Annonse -
- Annonse -

Stord vil også ha ein heilt ny infrastruktur når Hordfast står ferdig i 2028. Dette vil bety at me har ein mykje større bu- og arbeidsmarknad som me må starte planlegginga av allereie i denne kommuneplanen. Når det gjeld kapasiteten på skulane har me ein utfordring i skulekrinsen rundt Langeland og Leirvik. Det må også løysast på ein god måte til det beste for familiane i dette området.

– Stord-samfunnet står overfor mange strukturendringar, som fylkessamanslåing, ny domstolsstruktur o.l. Kva vil du gjere for at Stord held på rolla si som eit viktig regionsenter?

– Eg ynskjer å slå saman Stord, Fitjar og Bømlo. Det er det tiltaket som hadde styrka Stord og Sunnhordland som eit kraftfult regionsenter mest. Me står utan tvil mykje sterkare i saman. For Stord Høgre er det svært viktig at Stord ikkje vert ei rundkjøring på vegen mellom Stavanger og Bergen, men eit levande regionssentrum og ein naturleg stad å leggje nærings- og industrioppdrag til. Det vår industri og vårt næringsliv betyr for resten av landet må være like sentralt som det Stord og Sunnhordland skal være i det nye Vestland fylke.

Det neste som må på plass er å få avklart moglegheitene med Sunnfast. Det er viktig at Kvinnherad får satt i gong forprosjektet slik at me kan komme vidare med å få avklart kva som vil bli den beste løysinga her.

Når det gjeld tingretten ynskjer eg å få til ein samlokalisering av jordskifteretten og tingretten. Dette vil vera ein løysing som styrkar fagmiljøet på Stord og sørger for at me beheld tingretten på Stord i mange år framover, helst permanent.

Høgskulen på Vestlandet vil alltid ha ei sterk rolle på Stord. Der vil eg jobbe for at kommunen og HVL har jamnleg dialog for å sørge for at dei to spelar kvarandre gode. Det betyr at kommunen må legge til rette for gode studentmiljø, og etterspør kompetanse frå HVL.

- Annonse -

Det viktigaste kommunen kan gjere for å sikre Stord sjukehus er ein god infrastruktur mot dei andre kommunane slik at me oppretthelder og styrker pasientgrunnlaget. Stord Høgre vil oppretthalde tilbodet ved Stord sjukehus som eit fullverdig lokalsjukehus med særleg fokus på akuttmottak og fødeavdelinga.

– Stord har ein svært høg lånegjeld, og samtidig mange store investeringar på trappane. Kva vil du gjere for å sikre ein robust økonomi i Stord kommune i neste kommunestyreperiode?

–  Stord Høgre vil vurdere dagens organisering, innhald og lokalisering av tenestetilbodet generelt i kommunen. Ved å inkludere dei tilsette og deira kompetanse, meiner Stord Høgre at det er fullt mogleg å oppnå både bredde og god kvalitet i tenester utan å gå på kompromiss med økonomiske handlingsreglar.

I dag har kommunen fleire enkeltståande effektiviseringsprosjekt. Desse må kartleggast saman med oppnådd resultat og kompetanse. Med bakgrunn i dette arbeidet skal det implementerast eit overordna effektiviseringsprogram som vert forankra politisk og på tvers i heile kommuneorganisasjonen. Tiltak som er satt til verks under programmet skal vera målbare på både kvalitet og ressursbruk, og skal bidra til betre økonomisk kontroll. Det må setjast klare mål innanfor kvar eining. I dette arbeidet er det viktig å byggja endringskultur og inkludere tilsette og tillitsvalde.

Utleigebustader og andre kommunale eigedommar i Stord kommune skal overførast til Stord Kommunale Eigedomsselskap AS. Dette vil bidra til heilskapleg og profesjonell eigedomsforvaltning gjennom betre kapasitetsutnytting og vedlikehald. Stord Høgre er av den oppfatning at dette gir kommunen betre økonomi fordi ein reduserer gjeldsposten og årlige rentekostnader. Samstundes oppnår ein forutsigbarhet i form av leigeavtalar og unngår større uforutsette vedlikehaldskostnader.

Stord Høgre ønskjer at Stord kommunalteknikk skal tilbakeførast som eit eige føretak. Dette vil bidra til heilskapleg og profesjonell prosjektstyring og forvaltning av dei kommunale avgiftene. Gjennom dette oppnår ein også eit profesjonelt styre som saman med dagleg leiar styrer utviklinga og rapporterer til eigar på ein ryddig og effektiv måte.

– Det byggast og fortettast mykje i Leirvik og ellers i kommunen, kva vil vere viktig å gjere for å sikre at byutvklinga går i rett retning?

– For Stord Høgre er det viktig å utvikle Stord kommune til ein bykommune som står klar for den framtida me fører han inn i. Med det meiner me at det er viktig å utvikle for eksempel Leirvik Sentrum til ei levande bykjerne i kommunen vår. Dette oppnår me ved å seie ja til oppgraderingar av eksisterande bygningar så vel som bygging av nye bustads- og næringslokale.

Det er ikkje noko mål i seg sjølv for Stord Høgre å gjere Stord til ein storby. Me ynskjer derimot å gjere dei utbyggingane som er naudsynte for å gi innbyggjarane eit best mogleg bustadtilbod, og næringslivet eit best mogleg tilbod for kontorplassar og næringslokale. Stord Høgre er partiet som ynskjer framsteg i lokalsamfunnet og ser nødvendigheten i eit velutvikla kommunesentrum som også skal fungere som eit samlande regionssentrum for Sunnhordlandsregionen.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -