Utdanningsforbundet og Arbeidarpartiet på Stord ønskjer å utvide vikarpoolen i Stord kommune. Foto: Utdanningsforbundet
- Annonse -

PRESSEMELDING: Arbeidarpartiet ønskjer å utvide vikarpoolen for å gi endå fleire lærarar fulltidsarbeid.

Pressemelding frå Stord Arbeidarpartiet og Utdanningsforbundet Stord

Det er utfordrande å skaffe kvalifiserte vikarar ved sjukdom og anna fråvær. Difor er Stord Arbeidarparti opptekne av å finna gode løysingar på til det beste for elevane sitt læringsmiljø.

For halvanna år sidan oppretta Stord kommune vikarpool for barnehage og skule. Denne er finansiert av refusjonsmidlar i samband med sjukefråvær og er inga utgift for kommunen. Vikarpoolen skal dekka sjukefråvær ut over 16 dagar.

Pr i dag er det tilsett to lærarar, ein barnehagelærar og ein barne- og ungdomsarbeidar. Desse er i bruk heile tida og særleg er det stort behov for dei i skulesektoren. Før innføringa av vikarpoolen måtte skular og barnehagane ofte hente eksterne vikarar som ikkje var kvalifisert, eller bruke eigne faste tilsette som måtte jobbe overtid. Dette var ressurskrevjande og uheldig for kvaliteten. Vikarpoolen reduserer trongen for dette.

Vinn-vinn-situasjon

Fleire faste vikarar er ein vinn-vinn-situasjon. Elevane får eit betre tilbod med fleire kvalifiserte vikarar, at vikarane er fast tilsette gjer at dei kjenner til Stord kommune som arbeidsgjevar, noko som lettar arbeidet for rektor.

- Annonse -

Gjennom vikarpoolen kan nyutdanna lærarar og barnehagelærarar bli kjent med ulike skular og barnehagar, og få mykje god erfaring frå dei ulike miljøa. Vikarpoolen er ein viktig inngang til barnehagelærar- og læraryrket, og reduserer omfanget av uføreseielege deltidsstillingar. Med framtidig lærarmangel i norsk skule, er det viktig med gode rekrutteringstiltak, som til dømes vikarpool-ordninga.

Me i Arbeidarpartiet er opptatt av arbeid for alle, og ser verdien av å utvide vikarpoolen for å gi enda fleire fulltidsarbeid. Vikarpool-ordninga bidrar til meir stabilitet og tryggleik for båe elevar og dei tilsette.

Avgjerande for kvaliteten

Å gi nyutdanna lærarar stabil inntekt, innsikt i ulike skular og arbeidsmiljø, og mykje nyttig arbeidserfaring er viktige faktorar for vikarpool-ordninga. Ikkje minst er det avgjerande for kvaliteten i skular og barnehage at vikarane har godkjent utdanning og er kompetente til å takle uføreseielege og krevjande arbeidsoppgåver.

Vikarar er etterspurt av skular og barnehagar, og er eit behov uansett. Vikarpoolen bør difor ikkje krevje ekstra kostnader for kommunen. Det er refusjonsmidlar for sjukefråvær som finansierer vikarpoolen. Administrasjonen kan gjera ei berekning av omfanget, men her bør vera rom for monaleg utviding.

– Under komitémøtet vil eg fremje forslag om å utvide vikarpoolen, og vil leggje til grunn at det skal gjerast i samarbeid med fagorganisasjonane, seier Marita Vassnes (Ap).

Får støtte av Utdanningsforbundet

Utdanningsforbundet Stord jobbar tett med skulane, og er opptatt av at skulane oppretthelder gode arbeidsmiljø og kvalitet.

– Det er eit sterkt ønske frå oss at vikarpoolen vert utvida. For å sikra kvalifiserte vikarar som igjen aukar kvaliteten i skulen, skriv leiar Tor J. Koppang i Utdanningsforbundet Stord.

- Annonse -