Gruppeleiarane i koalisjonspartia på Stord. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Koalisjonen, beståande av Ap, SV, KrF og Sp, har blitt samde om neste års budsjett.

Torsdag føremiddag la koalisjonen fram budsjettet for neste år.

Ordførar Gaute Epland (Ap) innleia med å seie at dei ikkje hadde klart å bli samde med opposisjonen om eit breidt tverrpolitisk budsjett, og at forhandlingane mellom koalisjonspartia også har vore tøffe.

– Det er ikkje til å legge skjul på at me har hatt nokre punkt der me er usamde.

Ingen utsetjing av Nysæter ungdomsskule

– Den største gladsaka er Nysæter. Me set spaden i jorda til neste år og sikrar oppstart som planen, seier Epland.

Leiar i komité for oppvekst og utdanning, Torbjørn Brosvik (KrF), meiner skulesektoren er ein vinar i budsjettet.

- Annonse -

– Skulane er blitt ein budsjettvinnar. Med KrF i regjering har det kome fiske pengar til mellom anna ressurskrevjande brukar, seier Brosvik.

Han varslar også at det likevel ikkje blir noko utsetjing av Nysæter ungdomsskule, og at oppstarten skjer som tidlegare i 2019.

– Me får også løyvd pengar til å kome i gang med Nysæter ungdomsskule. Her skal oppstarten skje i 2019, seier Brosvik.

Aukar eigedomsskatten

Varaordførar Jakob Bjelland opplyste at dei har fått til eit budsjett med eit samla overskot på 27 millionar kroner.

– Dei som har følgt med i sosiale media får eit inntrykk av at kommuneøkonmien ikkje er særleg bra. Men me har faktisk eit oppsamla overskot på 100 millionar kroner, seier Bjelland som gjer at me legg fram eit budsjett med overskot.

Men han legg ikkje skjul på at for å få til dette vil dei auke eigedomsskatten. Koalisjonen støttar dermed rådmannen sitt forslag om å auke eigedomsskatten.

– Me kjem til å auke eigedomsskatten med ein halv promille. Det er ikkje noko me ønskjer, men er eit resultat av regjeringa sine trange rammar, seier Bjelland.

Kapasiteten ved Langeland skule er sprengt. Men det blir ingen utviding til neste år. Foto: Stord kommune

Utset investeringar i Grunnavågen og Langeland skule

Koalisjonen har blitt samde om å utsetje planlagt bygging av ny veg til industriområdet i Grunnavågen. Investeringa, som skulle bli gjort i 2019, er utsett heilt til 2022. Slik sparar kommunen 8,2 millionar kroner.

– Det viktigaste i Sagvåg/Litlabø-området no er å løfte fram Nysæter ungdomsskule. Difor vil me vente med denne vegen.

Vidare vil koalisjonen utsetje rådmannen sitt forslag om å utvide Langeland skule. Her ville rådmannen nytte 10,2 millionar kroner. Koalisjonen vil vente med denne investeringa til 2020, etter at skulebruksplanen er rullert.

– Me utset investeringane i Langeland til 2020, og tek inn Nysæter i 2019. Sånn det ser ut no blir det like mange klassar på Langeland til neste år, noko som er vurdert forsvarleg, seier Brosvik (KrF).

– Å stå utan gymsal eit år oppfattar ikkje skulen som ideelt. Me vil ivareta behovet for ein samlingsplass, sa ordføraren.

Leiar i forvaltningsstyret, Nils Magne Blålid (SV), vil ikkje seie om utsetjinga på Langeland vil medføre stans i byggeplanane for til dømes Fronta i Hatlandsåsen.

– Me kjem til å dette ned på eit vedtak, men eg synest me skal diskutere det grundig i koalisjonen før me konkluderar. Eg vil ikkje konkludere på noverande tidspunkt om dei ikkje skal få bygge eller å gi dei dispensasjon, seier Blålid.

Vurderer bustadane i Saghaugen

Når det gjeld framtida til dagaktivitetstilbodet for utviklingshemma på Vidsteentunet, har koalisjonen ikkje funne pengar til å vidareføre dette. Men dei vil at dette skal bli avgjort på eit politisk møte i januar.

«Kommunestyret ber Rådmannen i eiga sak til første møte i RHO i 2019 å vurdere avvikling av Vidstentunet og gje brukarane eit alternativt tilbod på Sæbø Gard. Evt annan bruk av Vidstentunet må vere ein del av vurderinga».

– Det vil ikkje skje noko med Vidsteentunet før me har ferdig butilbodet på Sæbø gard, som vil kome i drift i løpet av neste år, seier Nils Tore Gram Økland (Ap).

Det same gjeld bustadane for utviklingshemma i Saghaugen. Her ber koalisjonen at rådmannen i ei eiga sak vurderer å avvikle kommunen sine bustader i Saghaugen.

– Bebuarane skal få tilbod om nye bustader, på Haga eller i andre bufellesskap, skriv koalisjonen.

Vil vidareføre døgntilbodet

Det er løyva pengar til å vidareføre av døgntilbodet for rusmisbrukarar i Åkervikåsen. Men også her vil koalisjonen ha ei eiga sak der konsekvensane vil bli nærare utgreidd ved ei nedlegging.

– Saka skal drøfta kva tenestetilbod brukarane på Åkervikåsen vil få ved eventuell avvikling, og økonomiske konsekvensar av ei avvikling.

Men det er ikkje alle kuttforslaga til rådmannen som vert vidareført av koalisjonen. Dei ønskjer å redde Frisklivssentralen

RHO-komiteen skal få fullmakt til å bestemme framtidig lokalisering av Hamna kontaktsenter, Maris og LAR-senteet. Koalisjonen vil løyve kroner 150 000 til ein forstudie som skal vurdere nye lokale.

Vil vurdere framtida til

Rådmannen ville stenge skeisebanen frå og med sesongen 2019/2020. Det vil koalisjonen vente med.

I staden ber dei rådmannen om å legge fram ei sak for Næring-, miljø-, og kulturkomiteeen om vidare drift av skeisebanen, der potensialet for varmesal og billettinntekter vert vurdert, og der eventuell tilbakebetaling av spelemidlar også vert vurdert.

Her i Borggarden ønskjer koalisjonen å bygge ein leike- og aktivitetspark.

Vil bruke ein million på leikepark i sentrum

Men det er ikkje berre kutt å sjå i budsjettframlegget til koalisjoenn. Dei har også funne pengar til å satse på ein leike- og aktivitetspark i Leirvik sentrum.

Dei ønskjer etablert eit aktivitetsområde for born, ungdom og vaksne i Borggarden utanfor rådhuset.

Arbeidet skal organiserast i form av eit oppgåveutval med tre politikarar og seks innbyggjarar som skal leiast av leiar for NMK, Bente Bjelland.

Prosjektet skal ferdigstillast i løpet av 2019. Totalkostnad for prosjektet skal vera 1 mill kroner, der ein halvparten skal dekkjast av kommunen og den andre av spelemidlar.

– Me har tidlegare sagt at me ønskjer eit aktivitetsområde i Borggarden, og no er det siste budsjette vårt før valet. Eg trur det kan bli ein bra sak for Leirvik som kan bidra til å få barnefamiliar til sentrum, seier ordføraren.

Vil opprette kultursjefstilling

Vidare ber koalisjonen om ei sak som vurderer samling av kulturtenestene inkluderten bibliotek og kulturskulen, og oppretting av ei klutursjefstilling. Dette skal gjerast ved at kulturskuletilbodet som resultat av omorganiseringa kan vidareførast på dagens nivå utan å auka budsjettrammene.

– Me ønskjer å sjå på stillingane på kulturhuset i dag. Det er rådmannen si oppgåve å organisere dette her. Men det er fleire einingar i kultursektoren, og tenker det kan bli bra for eit tettare samarbeid og frigjere meir til anna verksemd. Det kan vere ein ide og samle dette i ei større eining, seier ordføraren.

- Annonse -