Torbjørn Brosvik (Krf) til høgre. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Leiar i komité for oppvekst og utdanning, Torbjørn Brosvik (KrF), meiner kommunen bør gi ei orientering om saka til Lars-Erik og Martin-Alexander Husom.

I helga sto brørne Lars-Erik og Martin-Alexander Husom fram med si sterke historie i Stord24, der dei fortalte om ein barndom prega av rusmisbruk og omsorgsvikt, utan at barnevernet på Stord og i Kristiansand gav dei den hjelpa dei trengte.

Brørne har varsla mogleg søksmål mot begge kommunane. Stord kommune uttaler at saka er svært trist, men at dei ikkje har gjort noko som medfører erstatningsansvar.

– Må gå grundig gjennom saka

Leiar i oppvekst og utdanning-komiteen, Torbjørn Brosvik (KrF), meiner saka no må kome betre fram i lyset.

– Denne saka er voldsomt trist for dei det gjeld, og eg har all medkjensle for dei. Når me får opp saker som dette er det viktig at ein går grundig gjennom saka for å få fram kva som har skjedd, og om nokon har svikta og eventuelt kor det har svikta, seier han.

– Eg er viss på at når administrasjonen no er gjort kjend med saka, så bør dei sjølv gå gjennom saka grundig for å sjå korleis ein kunne gjort jobben betre.

- Annonse -
- Annonse -

Brosvik seier han vil be om ei gjennomgang av saka i komiteen.

– Det vil vere naturleg at det blir stilt spørsmål om dette i komiteen. Eg vil be om å få ei orientering om kva som skjer med saka no.

Linda Grundtvig i Stord Frp. Foto: Stord kommune

– Dette må røskast opp i

Linda Grundtvig (Frp), som også sit i oppvekst og utdanning-komiteen, seier ho er rysta over saka.

- Annonse -

– Dennne saka synest eg er heilt grusom. Det er klart at det må vere nokon som er skuldige i dette her. Det må jo vere eit delansvar her både frå Stord og Kristiansand. Eg synest det er uforståeleg dersom ein skyv ansvaret over på andre. Dette må røskast opp i.

Grundtvig meiner brørne har all grunn til å rette eit formelt erstatningskrav mot kommunen.

– Eg meiner dei må stå på for å få ei sak på dette. Først då vil saka bli lyst fram skikkeleg. Dei må ikkje berre gå god for at kommunane ikkje har noko ansvar. Eg kan ikkje tenkje meg at dei kan tape ei slik sak.

Kjellbjørg Lunde (SV)

Avventer vidare sakshandsaming

Nina Østensjø (H) ønskjer ikkje kommentere saka før ho blir betre belyst.

– Saka er trist og tragisk. Eg avventer fortsetjinga før eg skal meine noko meir.

Kjellbjørg Lunde (SV) er også varsam med å kommentere saka.

– Slike saker er veldig alvorlege og veldig kompliserte. Viss det no kjem eit søksmål må me sjå kva dei som har hatt ansvar for dette seier. Eg har vore sakshandsmar for slike klagesaker før i min tidlegare jobb, så for å ha noko grunngitt oppfatning om saka er eg nødt å gå veldig grundig inn i sakskomplekset. No må me avvente og sjå den vidare sakshandsaminga.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -