Foto: Pixabay.
- Annonse -

Rådmannen vil innføre retningslinjer som skal hindre at leiarar i føretak der Stord kommune er eigar er lønsleiande.

I vår skreiv Stord24 om lønsutviklinga til leiaren i den i hovudsak kommunalt eigde attføringsbedrifta Opero, der Stord kommune er hovudaksjonær.

I løpet av ti år har dagleg leiar Birte Nilsen fått auka årsløna si frå 556.000 kroner til 1,15 millionar kroner. Det er om lag 100.000 meir enn løna til rådmann Magnus Mjør, som er på lønstoppen i Stord kommune.

– Skal ikkje vere lønsleiande

Kort tid etter vedtok kommunestyret å be rådmannen utarbeide retningslinjer for løn og anna godtgjersle for leiande tilsette i føretak med kommunal eigardel.

No er retningslinjene klare. Konklusjonen til rådmannen er at «godtgjering til leiande tilsette skal vere konkurransedyktige, men ikkje lønsleiande samanlikna med tilsvarande selskap».

Retningslinjene baserer seg på eit såkalla «følg eller forklar»-prinsipp. Det betyr at styret i føretaka har høve til avvike frå retninglinjene, men vert då oppmoda til å forklare kvifor ei høgare løn skal forsvarast.

- Annonse -
Kommunikasjonssjef Per Christian Langset seier leiarar i Arbeid & Inkludering. Foto: Arbeid & Inkludering

Kommunikasjonssjef Per Christian Langset i arbeidsgjevarforeininga NHO Arbeid & Inkludering sa til Stord24 at løna til Opero-sjefen er uvanleg høg for slike typer attføringsbedrifter. Foreininga har ikkje oppdatert lønsstatistikk, men Langset viste til at for seks år sidan hadde hovudvekta av daglege leiarar i medlemsbedriftene ei årsløn under ein million kroner.

– Du må ha eit lønsnivå som gjer at du får flinke daglege leiarar. Samtidig er det ikkje noko poeng for vår bransje å vere i lønstoppen. Me skal ikkje vere lønsleiande, sa Langset.

Må ikkje svekke omdømet

Vidare seier retningslinjene som rådmannen har utarbeida at styra i føretaka skal sjå til at godtgjeringsordningane ikkje gir uheldige verknader for selskapet eller svekker selskapet sitt omdøme.

Rådmannen vil også setje grenser for kor mykje etterløn leiarar kan få ved ei eventuell oppseiing. Sluttvedderlag og løn i oppseiingstida bør i sum ikkje overstige 12 månadsløner, står det i retningslinjene.