Mange stadar langs Litlabø-vegen er det svært uoversikteleg. Foto: Google
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Statens Vegvesen ønskjer ei vegbreidde på 6,5 meter med parallell sykkelveg på heile strekket frå Snikkarsvingen i Sagvåg til Litlabø-krysset på E39.

Det er løyvd midlar frå Hordaland fylkeskommune og Statens Vegvesen om å starte opp planarbeidet for trafikksikring og utviding av Litlabøvegen. Det er vegvesenet som vil stå for planarbeidet i samarbeid med Stord kommune.

– Planarbeidet er heilt i startgropa, og me har ikkje vald firma enda. Planarbeidet vil starte opp for fullt neste år, fortel kommunekontakt Eva Birgitte Teige i Statens Vegvesen.

Tre meter sykkelvel

Men allereie no har vegvesenet det klart kva vegstandard dei ønskjer, då saka skal opp i til handsaming i fylket allereie i starten av juni.

– Me har laga eit grunnlagsdokument som skal opp i fylkesrådet 2. juni. Me har allereie laga eit foslag på vegstandard, der me har teke utgangspunkt i 6,5 meter vegbreidde med tre meter lang sykkelveg på sida heile stykket frå Snikkarsvingen til Litlabø-krysset.

- Annonse -
- Annonse -

Det er Stord-pakken som gjer at vegvesenet har fått midlar til oppstart av planarbeidet. Utan bompengeinnkrevjing Stord-pakken blir det heller ingen realisering av prosjektet.

– Me er heilt avhengige av politikarane, for noko anna finansiering finst ikkje.

- Annonse -

Endeleg vedtak på nyåret

Kommunestyret vil til hausten vedta forankring prinsippa for Stord-pakken, medan det er lagt opp til endeleg vedtak av Stord-pakken på nyåret i 2018. Dersom alt går etter planen vil ein starta å krevje inn pengar frå juni 2020.

Litlabø-vegen ligg som nummer tre i prioriteringsrekkjefølgja i Stord-pakken, etter miljøgata gjennom Leirvik sentrum og sykkelveg frå Heiane til Vabakken.

Det er nesten to år sidan forvaltningsstyret gjorde vedtak om at Litlabøvegen skulle vere øvst på prioriteringslista over trafikksikringstiltak i Stord kommune, i samband med oppstart av massedeponiet på Nedre Litlabø.

 

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -